The Boys named Sue hyllar Johnny Cash med autentiske og rocka tolkingar av Cash sine mest kjende låtar.
The Boys named Sue hyllar Johnny Cash med autentiske og rocka tolkingar av Cash sine mest kjende låtar.

«A Tribute to Johnny Cash» i kulturhuset

Folsom Prison Blues, Ring of Fire, Jackson, It ain’t me, Ghost Riders, Get Rythm, Walk the Line, Highwayman, San Quentin, Hey Good Lookin’ ...

Lista med kjende låtar held fram, og du får høyre dei alle i Ål kulturhus fyrstkomande laurdag.

Det er få artistar som kan vise til same status og suksess som The Man in Black – Johnny Cash. The Boys named Sue hyllar Johnny Cash med autentiske og rocka tolkingar av låtar frå heile den 46 år lange karrieren til ein av dei viktigaste og mest respekterte musikarane i Amerika.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bandet har rykte på seg for å levere eit show som gjev publikum kjensla av å vere i eit sveitt konsertlokale i Nashville attende på 50-talet, der både rocke- og dansefoten aldri er langt unna. Så seriøst har bandet tatt oppgåva, at dei markerte 60-årsjubileet for singelen Walk the Line med å spele tre konsertar for dei innsette i Ringerike Høysikkerhetsfengsel. Ein tydlegare referanse til originalen skal ein leite lenge etter.

Med stor respekt, litt ung virilitet og rockabilly-faktoren skrudd opp nokre ekstra hakk tilnærmar The Boys named Sue seg musikken til Cash, og bandet kan garantere ein kveld med mange musikalske høgdepunkt, stødig cowboytakt og masse allsong.