17. mai med full musikk
For fyrste gong på mange år stiller Flå med eige korps til 17. mai. Det er nærmare 10 år sidan sist dei hadde det.
– Eg hugsa ikkje heilt, men trur det er rundt 10 år sidan, meiner Sigrid Barkost Buøen (17 år). No er det to år sidan ho gav seg i korpset på Nes.
– Det er jo veldig gøy, og eg har sakna det. Når dei spurte meg, så sa eg fort ja, smiler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Barkost Buøen har spelt sidan ho var sju år gamal.
Glade ungar
Dei er ni skuleungar som er med, og dei er alle glade for å få spela i korps.
– Dette er så gøy, syns Terje Gustavsen Hilde (9 år). Han spelar saksofon.
Orda gøy og morosamt går igjen hjå alle ungane.
– Eg begynte med korps i skulen, og så fortsette eg i korpset etterpå, seier Johanne Støen Haraldset (9 år).
- Eg spelar trommer, og det er kjempekjekt, fortel Kristian Støen Haraldset, (11 år).
Marsj og rock
På øvingane går det i både marsjar og rock. Yndlingslåten til dei alle er Bad Weather.
– Me spelte den på eit seminar der me hadde konsert etterpå, fortel Sigrid Margrethe Gandrud Stillingen (10 år).
Artikkelen held fram under annonsen.
I juni reiser dei på tur til Kragerø.
– Det blir spennande, og kjekt trur eg. Eg har aldri vore på slik tur før, fortel Magnus Evenstuen (12 år).
- Eg syns detta er kjempegøy, og hadde veldig lyst til å vera med, seier Tuva Rimejordet Ekeren (10 år).
Korps i skulen
Flå har korps i skulen i tredje klasse, som er eit prosjekt mellom skulen og kulturskulen. Det er for dei som har lyst å lære seg å spela eit instrument.
Det er ikkje alle som vil, men nok til at dei klarar å få til eit korps med hjelp av foreldre og frivillige.
– Eg ville så gjerne spela i korps, og begynte utan å ha korps i skulen først, fortel Signe Marie Wold (8 år). Ho får først korps i skulen når ho kjem i fjerde klasse, fordi dei hadde ikkje nok elevar då ho gjekk i tredje.
– Det er 25 år sidan eg spelte sist, men kva gjer ein ikkje for ungane sine. Og eg må innrømme at det er gøy å spela att, smiler Martha Kristin Gaptjern.
17. mai
– Dette kom i gang etter ein konsert i fjor sommar, der foreldra spurte om det ikkje gjekk an å få til korps i Flå. Som sagt så gjort. Me har ikkje gjort så mykje enno. Hadde julekonsert og eit seminar saman med korpset på Nes. Så skal me ha sommarkonsert før me reiser på seminar til Kragerø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men fyrst er det 17. mai som står for tur. Korpset har siste innspurt før sjølve dagen.
Dei marsjerer ruta dei skal gå.
– Dunk-dunk og dunk-dunk betyr stopp, ropar dirigent Kari Walaker til korpset. Dei stoppar og ventar på vidare instruksar.
– De må passe på at de går på plassane de har. Pass på kor du går, og pass på sidemannen, oppfordrar ho, før ho dunkar i stortromma, og korpset begynner å spela att.