Treng ikkje lenger å koke drikkevatnet
Lekkasjen i den kommunale vassforsyninga i Gol sentrum er reparert, og det er trygt å fylle vassglaset rett frå krana.
Vatnet er sjekka ut for eventuelle bakteriar. Det er no trygt å drikke vatn rett frå krana.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har mottatt prøveresultat frå laboratoriet og resultatet var tilfredsstillande. I samråd med kommuneoverlegen sender me no ut informasjon om at vi opphevar anbefaling om koking av drikkevatnet, opplyser avdelingsleiar Elin Tangen ved kommunalteknisk avdeling i Gol kommune.