Uvêr i høgfjellet
Gjeld frå: 22.02.2020 kl. 2030
Laurdag klokka 2030 var dette status på fjellovergangane:
Artikkelen held fram under annonsen.
Rv52 Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring inntil vidare på grunn av uvêr. Ventetida er om lag ein time.
Rv7 Hardangervidda: Stengt. Blir ikkje opna laurdag.
Fv 40 Dagalifjell. Stengt grunna uvêr.
Fv50 Hol — Aurland: Stengt. Ny vurdering måndag 24. februar.
Snøskred på Fv50 Hol — Aurland gjer at vegen blir stengt heilt fram til måndag. Vegen er stengt med bom mellom Nilsegard og Nesbøtunnelen. Skreda har gått ved Østerbø — Steinbergdalshytta.
Oppdatert oversikt kan du sjå her.