Telemarknedslaget til Ål
Til helga, 1. og 2. februar, kjem Telemarknedslaget til Ål skisenter.
Dette er ein framstøyt for å gjera telemarkskøyring meir kjent. Arrangementet er eit samarbeid mellom Ål skisenter, Ål IL og Bækkelaget sportsklub.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Arrangementet er ope for alle aldersgrupper og nivå. Det er ingen påmelding på førehand, her er det berre å møte opp, seier Morten V. Eriksen i Bækkelaget sportsklub.
Han poengterer at Ål har fostra mange gode skikøyrarar, og blant dei også gode telemarkskøyrarar. Han håpar ei rekrutteringshelg kan bidra til auka interesse.
– Even Opheim er det beste eksempelet på at Ål alt står på telemarkkartet. Han vann norgescuprennet i klassen 23-24 år på Gålå rett før jul, understrekar Morten V. Eriksen.
Arrangøren har med seg ein hengar med telemarkutstyr og promoteringsmateriell frå ulike samarbeidspartnarar.