Politiet følger med hyttefelta
Tiltaket er sett i verk både for å kartlegge kor mange fritidsbustader som er i bruk og for å førebyggje mot innbrot.
I Nore og Uvdal og Rollag kommune patruljerer politiet hyttefelt i desse dagar. Bakgrunnen er først og fremst førebyggande. Det melder Nore og Uvdal kommune på sine nettsider fredag morgon.
Torsdag ettermiddag sette regjeringa ein stopp for å opphalde seg på fritidsbustader utanfor eigen kommune, med enkelte unntak.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar i Nore og Uvdal, Jan Gaute Bjerke, opplyste til Hallingdølen torsdag, at det ser ut som hyttefolk i kommunen har teke oppmodinga den siste veka med å vende heim frå fritidsbustaden sin i kommunen. Berre i Nore og Uvdal er det nesten 4000 fritidsbustadar.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her