Ønskjer fleire frivillige
Kan du bidra med ting som barnepass, handling, snømåking eller vakter for helse og omsorg?
Då vil frivilligsentralen i Nore og Uvdal at du melder deg, slik at kommunen får ein oversikt over personar som ønskjer å trø til for fellesskapet og halde hjula i gang.
– Kva slags oppgåver det kan dreie seg om er litt vanskeleg å seie. Behova kan variere. Ta kontakt om du vil bidra, så lenge du ikkje er i risikogruppa, seier Britt Guton Halland, leiar av frivilligsentralen, på nettsidene til kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så langt er det ingen kjente tilfelle av koronasmitte i kommunen, men fleire sitt i karantene.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her