Nytt smittetilfelle i Gol - har no ni koronasjuke
Gol fekk bekrefta to nye koronasmitta laurdag. Sundag kan kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam fortelle om ytterlegare eitt.
– Det var eit tilfelle der me mistenkte smitte, så smitteverntiltak var alt i gang. Smittekjelda er kjent, seier Thurainayagam.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at han har hatt jamleg kontakt med vedkommande, som er i betring.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Gol er no oppe i ni smittetilfelle. Laurdag vart ein av dei koronasjuke lagt inn ved Ringerike sjukehus, med alvorlege luftvegsymptom. Tilstanden er stabil.
Sundag kveld klokka 18.00 var 81 personar i Hallingdal bekrefta smitta, fordelt slik:
Flå: 1
Nesbyen: 14
Gol: 9
Hemsedal: 6
Artikkelen held fram under annonsen.
Ål: 9
Hol: 42
Nore og Uvdal står registrert med eitt tilfelle.