Nordstoga går for dobbel konsert
Dei som har sikra seg billett til Odd Nordstoga 7. mars i Ål kulturhus, får oppleve musikaren frå Vinje.
Kulturhuset hadde selt ut alle 200 billettane før regjeringa fredag stramma inn og bestemde at berre 100 kan gå på konsert i fastmonterte sete. Dermed var det uvisst kva som skjedde med konserten i Ål.
No blir det ikkje berre ein, men to konsertar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Odd Nordstoga har sagt seg meir enn gjerne villig til å gjennomføre konserten i to omgangar, slik at alle med billett skal få kome, seier kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.
Det blir ein konsert på ettermiddagen og ein på kvelden.
Dei som har fått endra tidspunkt får beskjed om dette.