Nesbyen: Avlyser kommunestyremøte
Det blir ikkje noko kommunestyremøte i Nesbyen i dag, torsdag.
Møtestart skulle vere klokka 17.00, men i eit møte i kommunens beredskapsgruppe i dag vart det vedteke at alle offentlege møter i Nesbyen blir avlyst dei nærmaste fjorten dagane. Blant desse er kveldens kommunestyremøte.
– Slik situasjonen er no var det ikkje anna å gjere, seier ordførar Tore Haraldset.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me hadde tre alternativ: Halde møtet som planlagt, det andre alternativet var å avvikle det raskt og smidig og det tredje å utsetje.
Kommunestyret hadde fleire viktige saker på sakskartet, blant desse om kommunen skal forlenge avtalen med «Inn på tunet». Kontrakten går ut 31. mars.
– Me må sjå på moglegheita om kommunestyrets medlemmer kan behandle saker via Skype. For det er saker som må avklarast, seier Haraldset.
– Kva skjer etter 14 dagar?
– Då må me sjå an situasjonen. No blir både skular og barnehagar stengt. Eg håpar på ein effekt, seier Tore Haraldset.
Kommunehuset er ikkje stengt. Men på teknisk avdeling har dei begynt med heimekontor.