Lastebil med hengar har køyrd av vegen
Det eine vogntoget er ikkje meir enn kome på vegen att før eit nytt har enda i grøfta.
Klokka 20:21 melder politiet om ein lastebil med hengar som har køyrd av vegen på Rv52 i Hemsedal.
– Lastebilen skal stå i ein sving og vera til fare for andre trafikantar, melder politiet på Twitter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utforkøyringa har skjedd på Tuv, eit lite stykke vest for krysset mot Grøndalen, før Støyten bru.
Det er ikkje meldt om nokon personskade.
Bilbergar var venta til staden rundt klokka 22.