Landslaget tynner i rekkene- berre Tviberg med vidare
Torsdag kveld kom landslagsuttaket for neste års alpintlag. Der er det berre eitt lokalt namn.
Maria Tviberg frå Geilo har fått landslagsplass med b-status. Berre tre kvinner har fått a-status før neste sesong. Korkje Kristiane Bekkestad (Ål) eller Bjørn Brudevoll (Hemsedal) har fått fornya tillit av forbundet. Begge sleit med skadeperiodar sist vinter. Landslaget er kutta frå 30 til 25 løparar, og ifølge NRK er det også gjort kutt både i støtteapparat og budsjett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har dirfor lagt opp til strenge landslagsuttak på A og B-nivå og er opptekne av stordriftsfordelar for laga, kvinner og menn i kommande periode. Landslaga blir totalt redusert med fem personar frå 30 til 25 og meiner med det at mr kan vere konkurransedyktig også i kommande sesong trass i store endringar, seier sportssjef Claus Johan Rysste i ei pressemelding.
Slik ser landslaga ut:
A-status, kvinner: Ragnhild Mowinckel, Sportsklubben Rival, Kristin Anna Lysdahl, Bærums Skiklub, Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub
B-status, kvinner: Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub, Thea Stjernesund, Hakadal IL, Maria Tviberg, Geilo IL, Kristina Riis-Johannessen, Ready, Kaja Norbye, IL Heming
C-status, kvinner: Marte Monsen, Aron Sportsklubb, Andrine Mårstøel, Haugen IL, Tuva Norbye, IL Heming
A-status, menn: Leif Kristian Nestvold Haugen, Lommedalens IL, Kjetil Jansrud, Peer Gynt Alpin, Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb, Aleksander Aamodt Kilde, Lommedalens IL, Rasmus Windingstad, Bærums Skiklub, Adrian Smiseth Sejersted, Stabæk IF, Lucas Braathen, Bærums Skiklub, Sebastian Johann Foss Solevåg, Spjelkavik IL
B-status, menn: Jonathan Nordbotten, Ingierkollen/Rustad Slalåmklubb, Timon Haugan, Oppdal alpin, Fabian Wilkens Solheim, IL Heming, Atle Lie Mcgrath, Bærums Skiklub,