Gol måtte riste 5,7 millionar ut av sparegrisen
Den siste tida har det vore støy om pengebruken i Gol kommune. Tysdag godkjende kommunestyret årsrekneskapen for 2019
I fjor brukte kommunen meir pengar enn dei hadde. Kommunen hadde eit negativt netto driftsresultat på 12 millionar. I driftsrekneskapen hadde kommunen eit meirforbruk på 5,7 millionar som blir henta frå disposisjonsfondet.
Investeringsrekneskapen er saldert med 14,6 millionar i lån. Kommunen hadde i fjor høge inntekter på grunn av sal av kommunale bustader til Gol kommunale eiendommer. Dette gav 53,3 millionar i inntekter. Dermed var behovet for lån vesentleg lågare enn det som var ramma for investeringar (51,7 millionar).
Artikkelen held fram under annonsen.
Disposisjonsfondet er på 78 millionar. Dette utgjer 14 prosent av driftsinntektene til kommunen, og ligg innanfor det nivået som er tilrådd.
Gol kommune har 456 millionar i langsiktig lånegjeld og 602 millionar i langsiktige pensjonsforpliktingar. Dette gir kommunen ei gjeldsbelasting på 82 prosent av driftsinntektene. Dette er høgare enn det KS definerer som «moderat».
I 2019 betalte kommunen 35,83 millionar i renter og avdrag.