Flå kommunestyre har vedteke å delta i eit samarbeid i Hallingdal om innkrevjing av kommunale krav. Ansvaret for innkrevjing av skatt blir overført til staten frå 1. juni 2020. Men hallingane vil etablere sitt eige innkrevjingskontor som blir plassert på Gol. Ressursbehovet for innkrevjing av kommunale krav og avgifter er vurdert til to årsverk. Samla kostnad som blir fordelt på kommunane er 1,5 millionar. Kostnaden for Flå kommune blir 77.000, noko kommunestyret godkjente.