Ola Stave, adm. direktør i Hallingdølen.

Post berre annankvar dag rammar avislesarar

Frå 7. juli reduserer Posten frå 5 til 2,5 omberingsdagar i veka. Det fører til at enkelte avisabonnentar ikkje får papiravisa for dagen etter.

Endringa blir sett i verk midt i ferien. Tysdag 7. juli er det slutt på at folk får post fem dagar i veka. I staden får me post tysdag og torsdag ei veke, og måndag, onsdag og fredag neste veke.

Dette fører til store utfordringar for avisbransjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Godt år for Hallingdølen

– Biletet er uryddig. Me reknar med at det blir noko kluss i starten. Derfor ber me abonnentar som ikkje får avisa å melde frå til oss slik at me eventuelt kan finne andre løysingar, seier adm. direktør Ola Stave i Hallingdølen.

I underkant av 50

Endringa frå 7. juli gjeld ikkje mange av lesarane av Hallingdølen. Det dreier seg om i underkant av 50 abonnentar. Resten av abonnementsmassen får papiravisa gjennom Hallingdølens eigen distribusjon eller andre distribusjonsselskap. Desse blir ikkje råka av endringa.

– Det er likevel fleire ting som er utydeleg. Avisbransjen jobbar med å få klarheit i tilbodskontrakten til Posten. Per i dag er det uvisse om ein del adresser inngår i kontrakten eller ikkje, seier Stave.

Frå 7. juli blir det postombering annankvar dag. Arkivfoto.

Politisk bestemt

Det var sist haust det vart bestemt at Posten skal redusere talet på omberingsdagar. For å bøte på skadene for avisene, lyste Samferdselsdepartementet ut anbod på avisdistribuering måndag - fredag. Denne vann Posten.

Les også
Glad for krisepakke - spent på detaljane

Det betyr at Posten skal distribuere aviser dei dagane det ikkje er ordinær postombering. Altså ein eigen avisdistribusjon i tillegg til den vanlege drifta. Men i kontrakten er ikkje Posten bunden til å distribuere aviser til absolutt alle. Folk som bur avsides til, vil ikkje blir dekt av ordninga.

Hallingdølen var tidleg ute med eigen distribusjonen. Her deler Frede Dalby og Odd Steinar Skarsbø ut aviser på Rotneim i 1998.

Eigen distribusjon

I denne situasjonen er Ola Stave glad for at Hallingdølen har bygd opp eigen distribusjon. Avisa har i tillegg kontrakt med andre private avisdistributørar. Det gjer Hallingdølen mindre sårbar enn ein del andre lokalaviser.

– Vest-Telemark Blad er eit eksempel på ei avis som i stor grad brukar Posten, og som er meir utsett for endringa som kjem 7. juli. For bransjen generelt er det utfordrande, seier Ola Stave.

Les også
Foreslår 180 millionar meir i mediestøtte

– Er det aktuelt for Hallingdølen å utvide eigen distribusjon for å dekke opp abonnentar som Posten ikkje vil nå?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan det vera. I fyrste omgang er det viktig at folk som ikkje får avisa etter 7. juli melder frå til oss. Så blir det ei vurdering om me kan greie finne andre løysingar, seier Stave.

Abonnentar som ikkje får avisa på dagen, skal ifølgje kontrakten med Posten få ho dagen etter.