Ordføraren opna bedehusjakta
Jakta på bedehus er i gang.
Då statsministeren oppmoda om norgesferie i sommar, tok Normisjon i Telemark og Vestfold/Buskerud oppgåva. Dei har utfordra dei 50 normisjonsforeningane i distriktet som eig bedehus om å bli med på bedehusjakta
Laurdag opna ordførar i Ål, Solveig Vestenfor (Ap), bedehusjakta i Evjens Minne i Ål.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei som vil vere med registrerer seg på ei eiga nettside, og kan sanke poeng for kvart bedehus ein er innom. I september blir vinnaren kåra.
– Velkommen til bedehusjakt og bedehus på hjul. Det å drive jakt er folk i Hallingdal kjent med. I mi slekt har det vore lite jakt på dyr, men mykje på molter. Å drive jakt på bedehus, er noko heilt nytt. Koronatida har ført til mange kreative idear, og i dag startar jakta på bedehusa, sa Vestenfor under opninga.