Kommunestyret møttest på Bygdahall
I over to månader har politiske møte i Hol vorte gjennomført digitalt. Men onsdag kunne politikarane igjen debattere ansikt til ansikt.
Det gjorde 21 folkevalde på det ærverdige forsamlingslokalet Bygdahall på Hagafoss.
– Godt bygget ikkje er selt, då, sa Torstein Seim (Sp), med tilvising til at Bygdahall har stått på lista over kommunale bygg som skal seljast.
Artikkelen held fram under annonsen.
I takt med andre oppheva restriksjonar elles i samfunnet, har politiske utval i Hol fått godkjenning for å flytte møta frå den digitale plattforma Teams til å møtast fysisk. Men det må førebels skje utanfor tingsalen i kommunehuset, noko som knapt har skjedd etter at kommunehuset vart opna i 1958. Det første kommunestyremøtet etter at koronakrisa trefte i midten av mars, vart gjennomført med solid avstand mellom kvar representant. No viste kanskje pausane og gruppemøta at einmetersreglen var enkel å bryte når meiningar skulle brytast.
Men alt i alt gjekk det bra. Etter kvar klokketime var det 20 minutt pause, og rådmann Ole Johnny Stavn sjekka stadig at flaskene med antibac var på plass.
– Godt å møtast att, sa ordførar Petter Rukke (Ap).
Etter to månader med møte i «politisk karantene» var ingen usamd i det.