Reiselivet i Viken får seks millionar
Destinasjonsselskapa i Viken fylkeskommune får seks millionar kroner på deling til reiselivsbedrifter i økonomisk krise. Turistsjef Richard Taraldsen i Hemsedal ventar meir seinare.
Nedstenginga i reiselivet i midten av mars har fått store negative konsekvensar for reiselivsbedriftene og destinasjonsselskapa.
Seks millionar frå Viken
Reiselivet i Hallingdal er ekstra hardt ramma ettersom reiselivet er hovudnæringa, og nedstenginga skjedde i starten av høgsesongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
No får reiselivsnæringa eit økonomisk pusterom og krisehjelp. Fylkesrådet i Viken fylkeskommune vedtok tysdag å setja av seks millionar kroner til destinasjonsselskapa i Viken.
Fylkeskommunen skal fordele midlane etter søknad frå destinasjonsselskapa. Søknadsfristen er 15. juni. Grunnen til at det er destinasjonsselskapa som skal søkje om tilskot og ikkje enkeltbedriftene, er at dei har oversikt over kven som slit mest og har størst behov for økonomisk støtte.
Økonomisk krisehjelp
Avdelingssjef for distrikts- og regional næringsutvikling i Viken, Janne Buhaug, opplyser at fylkeskommunen har hatt regelmessig kontakt med destinasjonsselskapa dei to siste månadene. Ho opplyser at destinasjonane i Hallingdal har etterlyst økonomiske støttetiltak frå fylkeskommunen lenge.
— Mange bedrifter slit så tungt økonomisk at dei ikkje greier å betala medlemskontingenten til destinasjonsselskapa. Reiselivsbedriftene treng inntekter meir enn nokon gong for å utvikle nye produkt. Me vil prioritere søknader der behova er aller størst og mest kritisk og behandle søknadene så raskt som mogeleg, skriv Buhaug i ein e-post til Hallingdølen.
— Kortsiktige tiltak
Dagleg leiar i Destinasjon Hemsedal, Richard Taraldsen, var med i Teams-møtet i Viken fylkesråd då dei seks millionane vart løyvd. Han er glad for løyvinga, men synest det er for lite.
— Dei seks millionane løyser kortsiktige tiltak for dei som treng det aller mest. Men det blir ikkje mykje på enkeltbedrifter når det er 20 destinasjonsselskap i Viken. Det må argumenterast godt i søknadene for å bli prioritert. Det trengst også økonomisk støtte på lang sikt, så me forventar meir frå Viken seinare, seier Taraldsen.
Han opplyser destinasjonsselskapa i Hallingdal står samla og synest hjelpetiltaka frå Viken ikkje er gode nok.
— Støttetiltaka i Viken er liten samanlikna med Innlandet. Der har reiselivsbedriftene fått mellom 960.000 kroner og 1,8 millionar i støtte, seier turistsjefen i Hemsedal.