Ikkje med i OL-troppen
Tre unge hallingar var høgaktuelle for ungdoms-OL, men draumen brast.
Skiskyttarane Filip Fjeld Andersen (16) og Mathias Skrede (17) frå Geilo og alpinist Gustav Rosberg Vøllo (16) frå Hemsedal kom ikkje med i OL-troppen. I tillegg til Kristiane Bekkestad var dei tre hallingar høgaktuelle OL-kandidatar.
Men ingen av dei tre gutane kom gjennom nålauga. Alle har vore i landstoppen i sine årsklassar i fleire år og imponert etter at dei tok steget opp i juniorklassane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Filip Fjeld Andersen tok åtte NM-titlar av åtte mogelege i langrenn og skiskyting i fjor. Sist helg utklassa han konkurrentane i to renn i norgescupen og hadde eit realistisk håp om OL-billett. Også Mathias Skrede har hevda seg i landstoppen.
På nettsidene til NTG på Geilo blir det opplyst at dei to er tatt ut som fyrste og andre reserve til OL.
Gustav Rosberg Vøllo var suverent beste yngre junior i FIS-renna i Ål nyleg og utklassa fleire år eldre konkurrentar. Også han blir heimesitjar under OL.
Andersen og Vøllo er fyrsteårs juniorar og har konkurrert om OL-plassen med eitt år eldre løparar. Manglande fartstid som juniorløparar har gjort utslaget i vurderinga til Olympiatoppen.
1100 vinteridrettsutøverar frå 70 nasjonar i alderen 15–18 år skal delta i reprisen frå OL-festen på Lillehammer for 22 år sidan og konkurrere i 70 øvingar.