Vann kappløpet mot Sørpolen
19. januar 2012 stod Håvard Svidal (35) på Sørpolen som sigerherre. Akkurat som landsmannen Roald Amundsen hadde gjort 100 år og 36 døgn tidlegare.
Amundsen vann kappløpet mot engelskmannen Robert Scott. Svidal og laget hans, Team Framdrift, vann også over britiske konkurrentar. For begge var nitige førebuingar og planlegging ned til minste detalj ein vesentleg føresetnad for suksessen.
– Bortsett frå det, er det lite som er likt. Me samanliknar oss på ingen måte med Amundsen. Han var pionér i polområda, me visste i stor grad kva me gjekk til, seier geilingen Håvard Svidal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Knuste konkurrentane
Svidal var lagleiar for Team Framdrift, som i tillegg bestod av Mathias Seim frå Bergen og Erlend Gray frå Luster. Dei tre kjende kvarandre frå det nasjonale turmiljøet.
Saman med seks andre lag stilte Team Framdrift opp i «Centenary Race to the South Pole» som nyleg vart arrangert som eit ledd i 100-årsmarkeringa av bragda til Roald Amundsen i 1911. På dei andre laga var det deltakarar frå Storbritannia, Holland og Sør-Afrika. Starten gjekk i isaudet i Antarktis 4. januar. På ski og med pulk skulle dei sju laga konkurrere om å ta seg raskast fram dei 759 kilometrane til polpunktet.
«Konkurranse» var det eigentleg berre fyrste dagen. Det var einaste gongen det norske laget såg til konkurrentane. Dei visste likevel ingenting om korleis dei låg an før dei nådde Sørpolen etter 15 døgn og 9 timar, og vart tekne imot av arrangørane. Ikkje berre var nordmennene fyrst, det gjekk éi veke til neste lag dukka opp! Racet mot polen har vore arrangert tidlegare, og den gamle rekorden vart også smadra med 1 døgn og 23 timar.
Siger betydde alt
Svidal fortel at han med dette fekk oppfylt ein livslang draum om å kome til Antarktis. Det kom likevel i andre rekkje under sjølve løpet. For dette var beinhard konkurranse, som ikkje gjekk føre seg i olympisk ånd om at «det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta». Under racet var dei som profesjonelle idrettsutøvarar og var på jobb for kvarandre.
– Kor mykje betydde det å vinne?
– Det betydde alt for oss, det var aldri spørsmål om anna. Dette var fyrst og fremst konkurranse, der me hadde to soleklare mål: Slå britane og dei andre laga, og slå den gamle rekorden. Det hadde vore nederlag for oss å ikkje greie det, seier han.
Han vedgår også at det hadde svidd for nordmenn som er «fødde med ski på beina», å skulle tape eit slikt race mot britar. Sjølv om det var mange råskinn på dei andre laga, som både har rodd over Atlanteren og gjort andre ekstreme prestasjonar.
Tid er lik meter
Førebuingane til denne kraftprøva har pågått sidan hausten 2010. Det har vore mykje fysisk trening, sjølvsagt, ein slik tur er ikkje for pingler. Men i tillegg, og kanskje ikkje minst viktig, har planlegginga av dei praktiske tinga ned til minste detalj, vore. Det var eit suksesskriterium i 2012, slik det var i 1911.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her rettar Svidal og Team Framdrift også stor takk til lokale medhjelparar og tusenkunstnarar som Pål Åge Slettemoen i Hol, Ola Lien i Hemsedal og Annika Inger Radlöv på Geilo, som har ytt verdifulle bidrag kvar på sin måte.
Siktemålet var heile vegen å spare tid på praktiske gjeremål, ut ifrå filosofien om at eitt minutt tilsvarar 75 meter framdrift. Mange bortsløste minutt blir fort lang distanse tapt.
– 18 av døgnets 24 timar gjekk me på ski. Skjemaet me følgde, var strengt på at det skulle gå maks seks timar frå me avslutta ein etappe til me var i gang att med neste. På dei seks timane var målet å få minimum fire timar søvn, fortel Svidal. Han vedgår at det nok bygde seg opp eit underskot på søvn etter kvart, og at det gjorde godt å få sove ut etter at dei var vel i mål.
Dei mista tidleg døgnkjensla. I Antarktis er det på denne tida av året lyst heile døgnet, med solskin 24 timar viss himmelen er klår.
Gjennomsnittstemperaturen dei to vekene turen varde, låg på 24 minusgrader. Men når skyer ikkje dekte for sola, vart det ikkje minst i teltet, varmare enn dei hadde venta.
Ikkje eitt gnagsår
Dagsetappane varierte lite og låg jamt over på 53–54 kilometer. Heile turen gjekk utan alvorlege uhell av noko slag.
– Ingen av oss fekk eitt einaste gnagsår eingong, smiler Svidal.
– Men noko dramatikk må det vel ha vore?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var to gonger det kunne ha vorte kritisk, eller iallfall vanskeleg. Den eine var då ein av dei andre fekk trøbbel med eit kne. Men heldigvis løyste det seg etter samtale med lege via satellittelefon. Andre gongen var då eg heldt på å bli snøblind. Med tildekte auke måtte eg då gå i blinde bak dei andre i tau trekvart dag. Heldigvis var det like før checkpoint midtvegs, der me var pålagt 24 timars obligatorisk kvile. Då den var over, gjekk det greitt att når eg utstyrde meg med doble brilleglas resten av turen, fortel han.
Kjensleladd
Då dei nådde målet, og fekk visse for at dei var dei fyrste, var det ei sann blanding av kjensler som slapp laus.
– Reaksjonane spende over heile registeret, ler Svidal, me jubla, lo og gret. Det var også litt vemodig fordi det heile no brått var over. Men den dominerande kjensla var nok at me var til dei grader stolte!
Når han no for lengst er heime att på Geilo, vil polfararen også gjerne også uttrykkje takk til dei som heldt det gåande heime, kona Catherine og sonen Olav på to år.