Brann ved museet i Nesbyen - eingongsgrill kan vere årsaka
Brannvesen og politi rykte torsdag ettermiddag ut til ein brann ved Hallingdal museum. Det stod flammar oppetter veggen og opp i taket.
Brannen oppstod i ein søppeldunk som var plassert opp mot ein vegg på museet.
Ein nabo hadde sett at det begynte å brenne, og fekk varsla nødetatane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då brannen vart oppdaga, brente det ganske frisk. Dei som var der hadde ikkje sjanse til å greie å fjerne dunkane, som stod inntil veggen, seier operasjonsleiar hjå Politiet Sør-Øst, Tore Grindem til Hallingdølen.
Varselet utløyste full utrykking - brann ved Hallingdal museum er eit skrekkscenario. Derfor tok brannvesenet ingen sjansar, og var raskt på staden med tre bilar.
– Me fekk meldinga klokka 18.07. Klokka 18.15 var brannvesenet på plass, seier Grindem.
Hallingdølens journalist på staden melder at det stod flammar oppetter veggen og opp i grastaket på den eine delen av magasinbygningen.
– Det gjekk med eit vindauge i første etasje. Så tok det fyr i torvtaket. Heldigvis er sjølve veggen av mur, seier Grindem.
Brannvesenet fekk raskt kontroll, og det er meldt å berre vere snakk om mindre skadar på bygget.
Kvifor brannen oppstod er førebels ikkje kjent, men ifølge operasjonsleiaren kan årsaka vere ein eingongsgrill.
Politiet opprettar sak.