– Det mangla på kunnskap før vedtaket
Vart det gjort nok undersøkingar før Hemsedal kommunestyre valde å seie nei til kommunesamanslåing?
Hemsedal Venstre stiller spørsmål ved om kommunen har gjort nok for å greie ut om alternativa i kommunereforma.
Eit fem sider langt brev er sendt kommunens kontrollutval.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spørsmåla som er stilt er om kommunen har «utført utredningsansvaret tilfredsstillende» og om ein har «gjennomført kommunestyrets og formannskapets vedtak etter intensjonen».
Det er Steinar Bleken som har ført brevet i pennen.
– Kva vil du oppnå med å stille dette spørsmålet no, etter at fristen for reformstøtte er ute?
– Fristen for ekstraløyvingar er ute, men reforma stoppar ikkje. Det betyr ikkje at me aldri skal slå oss saman. Det er like relevant å sjå på korleis det interkommunale samarbeidet fungerer. Det er ikkje greidd ut, seier Bleken.
Han har systematisk gått gjennom alle møta der kommunereforma har vore tema frå 5. mars 2015 til det siste der kommunestyret sa nei til samanslåing.
Det er dette som gir eit fem sider langt brev. Arnt Skansen, leiar i kontrollutvalet seier dei vil sjå på det til neste møte, 15. august. Han trur uansett ein gjennomgang ikkje vil endre på mykje.
– Alle er pålagt å ha ein prosess, men det er ikkje sagt kor omfattande den skal vere. Kanskje har det gått vel kjapt, men det er lite å gjere med det. Kommunestyret har vedteke at me ikkje skal endre kommunestrukturen, seier han.
Heller ikkje Bleken trur ein gjennomgang vil flytte fjell.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vil berre ha svar på om det er gjort nok. Eg veit ikkje om Hallingdal som ein kommune er riktig veg å gå, men eg vil vite meir om det. Eg meiner me ikkje har hatt godt nok grunnlag for å vedta noko, seier Bleken.