Lege: – Redd folk blir slepphendte
Det har snart gått to veker sidan førre smittetilfelle i Hallingdal. Men det er ingen grunn til å slappe av.
– For at det ikkje skal gå galt no, må me vere utruleg forsiktige, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.
Jo lenger tid som går utan nye smittetilfelle, jo lettare er det kanskje å senke skuldrene og slappe meir av. Men det bør ein vere forsiktig med, meiner legen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg merkar at det er ei annan stemning no. Det er vår, folk beveger seg ut, set i gang med aktivitet. Det er vel og bra. Men me må ikkje sleppe opp på dei grunnleggande tiltaka. Dei må ligge i botn, seier Strømmen.
Bodskapen har me høyrt før, men den kan ikkje bli gjentatt ofte nok, trur kommuneoverlegen.
– Eg er redd for at folk blir slepphendte. Det kan me ikkje tillate oss no. Det er no det gjeld.