Frå venstre Kari Anita Brenna og Elida Brenna Sundbrei, Angelica og Trine-Lise Jordheim.

Delte ut overraskingspakker til 40 Røde Kors-barn

Rett før påskehelga starta fekk ungane i Gol og Hemsedal Røde Kors besøk på døra. Der venta ei gåve med både aktivitetar og påskeegg.

På Gol var det Elida Brenna Sundbrei (12) og Angelica Jordheim (12) som fekk dele ut gåver til sine kameratar i Barnas Røde Kors (BARK). Det same vart gjort i Hemsedal.

I alt vart 40 gåver delt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I ein kjedeleg kvardag, med mykje innetid der ungane ikkje kan leike saman, vart gåvene tatt gledeleg imot, fortel mamma til Elida, Kari Anita Brenna.

Les også
Erle (10): – Eg blir litt redd og tenker på at veldig mange skal bli smitta og at gamle skal døy

Brenna stilte som sjåfør saman med Trine-Lise Jordheim.

– Det var fint å få vere med å glede mange barn i ei vanskeleg tid, seier ho.

Pakkene kom i stand takka vere Ikea, som har laga 4000 slike pakkar til ungar over heile landet. Eskene som Røde Kors-barna fekk inneheldt både teikneblokk, tusjar, sjokoladekuler, påskeegg og ein kosebamse.

Ikkje rart gleda var stor.

I tillegg til sjølve gåvepakka, låg det med eit kort som alle barna fekk. Det synte «barnas koronavettreglar», der det blant anna står at ein skal ta vare på kvarandre, høyre på dei som styrer landet, vaske hendene og halde avstand til kvarandre.

Det siste passa Angelica og Elida godt på då dei delte ut gåver på Gol.

– Det var viktig for dei å halde avstand, fortel Brenna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Leiken går sin gang
Les også
Ungdom i Hol bryt koronareglane for å feste: - Rett og slett farleg
Les også
Ingen nye smittetilfelle det siste døgnet
Les også
Koronapåske i fjellet: - Det er ikkje heilt påske