Beredskapstelt for koronasmitta ved Geilo legesenter. Til no er 49 personar smitta i Hol.

Ungdom i Hol bryt koronareglane for å feste: - Rett og slett farleg

Dei siste dagane har det kome meldingar om fleire private festar blant ungdom i Hol. No slår kommuneoverlege Geir Strømmen alarm.

– Me ser oss nøydd til å minne om at dette ikkje er lov. Det er rett og slett farleg med tanke på smittespreiing, seier Strømmen.

Vil ringe til foreldre

I påska har han og fleire andre i kommunen fått meldingar om ungdomsgrupper som samlar seg for å feste. Det skjedde blant anna i går kveld, på langfredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og me veit det er ting planlagt også for i kveld, påskeaftan. Det er til å forstå at ungdom har eit behov for å møtast, men denne påska kan me ikkje gjere det slik, seier kommuneoverlegen.

Les også
Påska 2020 - en annerledes påske

Strømmen kjem til å ringe rundt til foreldre til ungdom han veit har vore med på desse festane. I dag sender kommuneleiinga også ut ei melding til alle innbyggarane i Hol for å minne om kva for reglar som gjeld for sosiale samlingar.

Det håpar han vil hjelpe, slik at ein unngår fleire privatfestar.

– Det er gjennomsiktige forhold i kommunen, me får fort greie på det om det er noko som ikkje er som det skal vere. Ting ryktast fort.

– Må ikkje senke skuldrene

Reglane for korleis sosiale samlingar skal gå føre seg i desse dagar er enkle: Det skal ikkje vere fleire enn fem personar samla, og avstanden mellom kvar enkelt bør vere to meter.

Les også
Koronapåske i fjellet: - Det er ikkje heilt påske

På tysdag i påskeveka kom regjeringa med ei oppdatering på dei tiltaka som vart sett i verk 12. mars. Der vart det lempa på enkelte tiltak.

– Kan det at myndigheitene har slept opp litt ha ein samanheng med at ungdom no tek større sjansar og samlast for å feste?

– Det kan godt vere at det har hatt ei betydning, at nokon har senka skuldrene. Men det er dette me absolutt ikkje må gjere no. Me må fortsette å halde guarden oppe, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har alt mange nok som er smitta i Hol. Me vil ikkje ha fleire.

Det er 49 personar som er registrert koronasmitta i Hol. Det er den kommunen som er hardast råka av viruset i Norge, med 11,03 smitta per tusen innbyggarar.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.