Dedikert
Han var i gang som musikar i Oslo, men måtte heim til Ål for å ta sivilteneste. Lite visste han at det vart starten på eit av landets største musikkeventyr.
30 år seinare treffer me Lars Håvard Haugen der det heile starta. Han har gjennomført den fyrste utselde konserten i Ål kulturhus, og ladar opp til neste kvelden. Hellbillies feirar 30 år på vegen med utselde konsertar over heile landet. Interessa for bandet har aldri vore større. Før turneen starta, var det selt 30.000 billettar.
– Det er fantastisk, seier han når me møter han på hotellet i Ål. Han har sove med ei god kjensle etter konserten kvelden før. Publikum var strålande. Hellbillies og Lars Håvard også. Jubileumsturneen har blitt noko «alle» vil ha med seg. Slikt varmar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det set også krav til at me presterer, legg han til vel vitande om at det gjer dei. - Bandet er i bra form om dagen. Det går bra!
Lars Håvard Haugen er den minste bukkane bruse i Hellbillies-eventyret. Eller, minste er kanskje ikkje rette uttrykket. Han ragar på scenen, både fysisk og med briljerande gitarspel. Yngstemann, er eit meir dekkande ord.
Lars Håvard Haugen
Musikar, 50 år
Frå Kvinnegardslia i Ål, bur i Oslo
Kjærast med Oda Askeland
Gitarist og produsent i Hellbillies
Har gjeve ut 15 plater og ein EP med Hellbillies, eitt soloalbum, to album med Respatexans og eitt med HGF
Har elles vore musikar eller produsent på over 200 plater
Er på 30 års jubileumsturne med Hellbillies
Har med 10-12 gitarar på turneen
Har alt i alt opp mot 60 strengeinstrument
Trass i alderen har Lars Håvard vore den viktigaste komponenten for det som har blitt maskineriet Hellbillies. Han er den genuine gitaristen og produsenten. Han som tek ansvar for det musikalske uttrykket. Og som heile tida strekkjer seg eitt steg vidare. Alltid dedikert.
Han er født og oppvaksen i Kvinnegardslia i Ål, med tre eldre musikalske brør. Eldstemann Arne Sigurd hadde tilført bygda nye musikalske heltar då han kom heim frå USA med Greatful Dead og The Allman Brothers Band under armen. Lars Håvard hadde alt som fireåring sett sine musikalske spor ved å bruke kjøkkenstolen som tromme. Sprekkane er der den dag i dag. Og medan Aslag var lokal helt i lokale band, sat yngstemann på guterommet og terpa gitarsoloar.
– Det var trygt og godt å vekse opp i Kvinnegardslia, slår 50-åringen fast i dag. Ingen farar, og ingen ytre påverknad. Dette var lenge før internetts tid.
– Eg trur det hadde litt å seie. Bestemte ein seg for å drive med ein ting, så dreiv ein med det heile tida. Ski, skuterkøyring - eller musikk. For meg vart det det siste; eg dreiv kun med det. Utan ytre påverknad kunne ein bli så nerdete ein berre ville, seier Lars Håvard.
– Ryktet skal ha det til at du også var ein habil kulestøytar?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, eg hang litt med ein nabo; Bjørn Ingmund Sletto, som satsa på kule. Det er forklaringa. Eg var nok ikkje ein habil kulestøytar, ler han.
Som alle andre var han også med på fotball, og gjorde det godt som keeper. Med Leeds som favorittlag. Men frå 12 års alderen var det musikken som «tok han». Det var på dette tidspunktet han debuterte på scenen, som gjestegitarist med bandet Shag på Leveldtun. Den vesle og tette guten frå Kvinnegardslia imponerte med gitarsolo på Chuck Berry-låten Carol, som han hadde terpa inn i Rolling Stones-versjon. Kort tid etter var det ny gjesteopptreden med Shag, denne gongen på Geilo samfunnshus. Augneblinken er foreviga, med ein kar som kikkar fram mellom sceneteppa i bakgrunn: Musikkskulelærar Arne Moslåtten.
– Eg fekk biletet som gåve for nokre år sidan. Eg har det på veggen, fortel Lars Håvard.
Forsøket på å lære notar og musikkteori på kulturskulen med Arne Moslåtten vart ingen stor suksess, men det skuldast ikkje Moslåtten. Problemet var at den unge eleven lærte låtane etter å høyrt gjennom dei ein gong.
– Eg måtte ta meg på tak i vaksen alder og få teorien på plass, innrømmer han.
«Heim for å døy» skriv Stein Torleif Bjella i ein songtekst. Så dramatisk var det nok ikkje, men Lars Håvard Haugen hadde eit år bak seg på musikklinje på folkehøgskule og hadde flytta til Oslo. Der var han godt i gang som musikar. Men siviltenesta slapp han ikkje unna; han måtte heim. I Brye studio i Ål fekk han både jobb og hybel som assistent i Radio Hallingdal.
– Det passa bra på mange måtar. «Eg fekk ta dette året før eg gjekk vidare med musikken i Oslo», tenkte eg.
For å ha noko å finne på utover teknikk og radiobingo, slengde han seg med i Kådnbandet med Moslåtten, Sandum, Sando og eldre bror Haugen. Det var country-repertoar og spelejobbar på Pers og ditto etablissement.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så skjedde det som på ingen måte var planlagt. NRK Buskerud inviterte karane til nytt studio og eit radioprogram. Då dei fyrst var i der, spelte dei inn litt fleire låtar. Arne Moslåtten hadde oversett amerikanske coverlåtar til norsk.
Resten av historia kjenner me. Lydteknikar Tor Magne Hallibakken spelte opptaket for Øystein Sunde, og vips så hadde karane platekontrakt. Resten er 30 års musikkhistorie.
– Me ante ikkje kva me dreiv med og hadde ingen plan. Det trur eg var sunt. Det er når ein går hardt ut det går til helvete, seier Lars Håvard om dei fyrste Hellbillies-krumspringa.
Om dei ikkje visste kva dei dreiv med i 1989, så veit dei det i dag. Gjennom 30 år har det blitt 16 plater og ei rekkje prisar. I jubileumsåret skal dei halde 85 konsertar. Medan mange band stoppar opp og tek pause, har Hellbillies-toget rulla og gått.
– Me hadde aldri vore der me er i dag viss me ikkje hadde vore kompromisslause, seier Lars Håvard og understrekar gong på gong kor viktig det er å utvikle seg og ta nye steg. - Me har heile tida utfordra oss sjølve og pusha grensene. Kvar plate og kvar konsert skal vera litt betre enn den siste. Hadde me ikkje tenkt slik, ville det garantert vore over.
– På kva måte har de vore kompromisslause?
– På alle vis. Me har aldri bestemt oss for nokon bestemt stil, eller å gjera det som er «smart» og «lurt». Me har gjort det me har villa heile tida. Og så har me hatt flaks med at publikum har likt det. Dette er noko av det eg er mest stolt over; me har faen ikkje gitt ved dørene.
Tenkjer ein «smart», blir ein avslørt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Du må vera heilt med, det må kome frå hjartet. Elles lever ikkje eit band i 30 år!
Stilen har likevel endra seg. Hellbillies starta med country og artige tekstar. I dag er det like mykje eit hardtarbeidande rockeband. Lars Håvard Haugen er den som formar musikken i bandet, men er ikkje med på at Hellbillies på noko tidspunkt har bestemt seg for å endre stil. Det som derimot skjedde rundt år 2000, var eit oppgjer med den tidas fest- og musikkultur.
– Dette var før kulturhus-arenaer og festivalar; me spelte på pubar og festlokale. Ein konsert var det same som fest. Det var både me og andre band på den tida ute for. Me var rett og slett lei av å spela for fulle folk; me hadde gjort det i ti år, seier Lars Håvard og skildrar korleis det var å stå klemt inne i eit pubhjørne med hundrevis av folk rundt seg og utan nokon form for barrikade. Det var vilt.
– Musikalsk har me utvikla oss, fått meir erfaring, vorte flinkare. Derfor let me annleis enn me gjorde i 1993. Hellbillies let som det gjer fordi me er sett saman som me er. Og etter kvart har bandet fått ein sterk identitet, understrekar Lars Håvard.
Som produsent set han krav til korleis ein låt skal gjerast. Ofte er det Aslag som skriv låten, så tek Lars Håvard over.
– Ein må helse på låten. «Kven er du?» Av og til er det ein hyggeleg fyr, andre gonger ein stabeis. Når ein blir kjent, må låten «kles opp», forklarar Lars Håvard.
Før spelte han ofte inn dei ulike instrumenta på ein demo, og forklarte bandet kva retning han ville ha musikken. I dag er bandet så bra at dei i større grad øver inn låten i lag; dyrkar det spontane. Lars Håvard har nesten heile vegen hatt produsentrolla, og har i periodar også hatt produsentoppdrag utanfor Hellbillies. Det har gjeve han kunnskap han har teke med tilbake til bandet.
No om dagen er det turneliv. Hellbillies skal rundt i heile landet; det er noko Lars Håvard likar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har det i kroppen; denne friheitsfølelsen det er å setje seg i turnebussen med 15 av verdas beste folk. Me har det veldig morosamt, og me elskar å spela. Om morgonen vaknar eg og tenkjer; no skal eg øve! Eg er heldig!
Han er tydeleg på at talent er oppskrytt. Det gir ein eit forsprang. Men det det kokar ned til er hard jobbing.
– Eg seier det til unge musikkstudentar. Uansett kva du har drive med natta før, kom deg opp på jobb. Opp på øving! Ikkje noko tull!
Her ligg oppskrifta til suksessen. Ingenting kjem gratis. For Lars Håvard er øving kvalitetstid, som han uttrykkjer det. Livet hans er musikk. På jubileumsturneen avslører han forresten finurlege triks som den «magiske» stemminga som gir riffet i låten «Røta».
– Mange spør meg om dette, på nachspiel eller andre stader. Korleis får du til lyden? Her er svaret: Vanlegvis stemmer du gitaren i EADGHE, her er det DADGAD.
– Hermed er hemmelegheita avslørt.
– Ja!
«Røta» har vore avslutningslåten til Hellbillies i årevis. Ein låt som Lars Håvard har skrive, fyrst for sidebandet HGH under tittelen «Excuse», og som betyr mykje for han. Ikkje minst fordi broren Arne Sigurd skreiv teksten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg fekk ein tekst frå Arne (Moslåtten), men fekk han ikkje heilt til å stemme. Derfor ringde eg heim til Arne Sigurd og spurde han. Det vart «Røta». Eg skulle ønske me hadde fått gjort meir saman. Det var ein god kombo, han skjønte kva eg var ute etter.
Arne Sigurd Haugen, som omkom i ei bilulykke sommaren 2012, var storebror Haugen som interessert følgde med i det Aslag og Lars Håvard gjorde. Han var sjølv gitarist og aktiv innan gammaldans- og folkemusikkmiljøet.
Det var også «Røta» dei spelte då Aslag aldri kom inn att på scenen i Skippagurra i Finnmark. Aslag fall ned bak scenen og braut nakken og begge handledda. Det kunne kosta både liv og karriere. Lars Håvard vart att i Finnmark og stod hardt på for å få Aslag under kunnig behandling på Rikshospitalet.
– Det gjekk litt distriktspolitikk i saka. Men då NRK og Dagsrevyen begynt å ringe, fekk me klarsignal for ambulansetransport til Oslo. Eg slapp å heve stemma; eg hadde vel ei meir koordinerande rolle, forklarar han.
Hellbillies-toget tok av då Lars Håvard Haugen var 20 år. Etterpå har dette vore livet. Han har aldri følt Hellbillies som ein hemsko for annan satsing.
– Nei, på ingen måte. Eg trur alle utøvande kunstnarar drøymer om å kunne gjera det ein vil; føle seg fri. Det har eg gjort!
I dag trivst han i Oslo, han likar trafikken, pulsen. Samtidig som han set pris på ein tur heim til Ål. Det er i Oslo han har venner og musikkollegaer. Sitt nettverk.
Her har han også sitt liv utanom musikken. Lars Håvard har det bra med kjærasten Oda Askeland, som raskt fører han inn i musikken igjen. Ho er nemleg dotter av biletkunstnar Unni Askeland og musikar Eric Andersen, kjent frå både Bob Dylan og den norsk-amerikanske trioen Danko, Fjeld Andersen.
– Eg spelte faktisk med Eric på ein turne i 1989, fortel Lars Håvard. I dag bur Andersen i Holland.
Lars Håvard har ikkje behov for å finne på så mykje anna enn musikk. Han treng ikkje gå ein tur i skogen for å klarne hovudet, for å seie det slik. Å spele i band handlar dessutan om meir enn berre musikk, om lagkjensle, å vera god i lag og prestere. Ein må øve og halde seg i form. Som i idretten.
– Hellbillies har vore ei viktig forankring i livet mitt i 30 år, seier han. Som musikken er det.
- Eg har vel eigentleg aldri valt musikken. Musikken valde meg, slår han fast.
–