Testar løypene med skifestival
Mange har testa dei nye rulleskiløypene i Hemsedal, men i helga får dei sjansen til å prøve dei for alvor.
Langrenn: Asfalten har knapt tørka før dei fyrste rulleskirenna står på programmet i Hemsedal.
I helga blir det arrangert rulleskirenn tre dagar på rad under namnet Hemsedal rulleskifestival. Fredag står sprint på programmet, laurdag er det distanserenn og sundag blir det avgjort med ein jaktstart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rennet er for junior- og seniorløparar, og det fyrste i dei nye hemsedalsløypene. Førebels er kring 20 deltakarar påmeldt, men arrangørane ventar ei nær dobling av deltakartalet inn mot helga. Blant desse kan også norske eliteløparar dukke opp på start. Sprinten fredag går i den nye rulleskiløypa, medan distanserennet har start i løypa og mål på Gravset.
Det har vore ein hektisk innspurt for å få alt på plass, og denne veka vart dei siste meterane med asfalt lagt. Før helga skal rulleskiløypa og sentrum vere knytt saman.
– Ferietid er dugnadstid, seier Petter Owesen. Som primus motor for rulleskianlegget i Hemsedal var han onsdag travel med å leggje dei siste meterane for å knyte anlegget saman med sentrum. 330 meter asfalt i tillegg til dei to rundløypene i Totteskogen var det som skulle til for å få løypa klar.