Aktor: – Ho må ha vore redd
Den 45 år gamle irakaren må førebu seg på mange år bak fengselsmurane. Påtalemakta krev tolv og eit halvt år.
– Det må reagerast strengt mot partnerdrap, sa statsadvokat Torunn Gran i Hallingdal tingrett fredag.
Irakaren har erkjent drapet på kona si, Hanan Majid Mohammed, i Hemsedal. Ho vart kvelt med ein jekkestropp på soverommet, eller som følgje av oksygenmangel og/eller nedkjøling etter at han gøymde henne i fryseboksen. Men uansett slo Gran fast følgjande:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Valden viser ei klar vilje til å drepe henne.
Vart innhenta
Hanan prøvde å springe ut av leilegheita under krangelen om kvelden den 9. desember i 2014. Men ho vart innhenta.
– Ho forstod kva som kom til å skje. Ho må ha vore redd, og det må ha vore svært smertefullt, sa Gran.
Sjølv om han visste at «det gjekk til helvete med statsborgarskapet og at han mistar ungane», som han har sagt i avhøyr, held han fram med valden.
– Det var eit bevisst val, sa Gran.
Barna har høyrt
Dei to barna deira, sju og fire år gamle, oppheldt seg i naborommet.
Statsadvokat Gran ville ikkje legge til grunn at dei har sett noko av dramaet, men dei har høyrt. Bistandsadvokat Elisabeth Njøsen sa at dei er påført ekstra store skadeverknader. Dei må også takle sviket frå faren fordi han har teke ifrå dei mor. Barna vart umiddelbart tekne hand om av barnevernet og har fått all nødvendig hjelp.
– Men det er stor risiko for seinskadar, sa Njøsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho kravde 300.000 kroner i oppreising til kvar av ungane og at faren deira blir dømt til å betale erstatning for tap av forsørger på 783.000 kroner til kvar av dei.
– For strengt
Statsadvokat Gran meinte at fengsel i 13 år og 6 månader er den korrekte straffa for det brutale drapet.
Men ho trekte ifrå eitt år i strafferabatt fordi han erkjente drapet og returnerte til Norge.
– Fengsel i tolv og eit halvt år er for strengt, sa forsvarar Knut-Ole Bakke Hansen.
Han meinte at rett straff var under elleve års fengsel, kanskje ned mot ti og eit halvt år. Han bad retten dømme tiltalte på mildaste måte.
Drog til Irak
Den drapstiltalte ektemannen drog til Irak etter å ha teke livet av Hanan. Barna plasserte han hjå eit vennepar i Hemsedal. Han laug til dei då han sa at mor deira var på reise.
I heimlandet fann han det utrygt. Derfor valde han det siste av to onder og drog tilbake til Norge der politiet venta på han på Gardermoen seks dagar etter at han ringde mottaksleiar Gry Herland på Hemsedal statlege mottak og fortalde kva som hadde skjedd.
* På tiltalebenken i Hallingdal tingrett: Ein 45 år gammal irakar busett i Hemsedal.
* Han er tiltalt for brot på straffelovas paragraf 233 første ledd «for å ha forvoldt en annens død».
* Aktor: Statsadvokat Torunn Gran.
* Forsvarar: Advokat Knut-Ole Bakke Hansen.
* Bistandsadvokat: Elisabeth Njøsen.
* Retten består av sorenskrivar Stein Arne Vedde og meddommarane Wenche Syversen og Helge Berg.