Camilla Louise Økland Skredderberget og pianist Sverre Undheim spelar i kjellaren på Sundre.

I kveld klokka 20.00: Konsert med Camilla Lou på Hallingdølen.no

Treng du litt ekstra krydder i kvardagen i desse koronatider? I kveld kan du sjå Camilla Lou spele opp til konsert via Hallingdølen.

Me kan trenge nokre lysglimt og kulturelle godbitar no som alt er avlyst og stengt ned. Derfor ønsker Hallingdølen å by deg på ei lita musikalsk oppleving, spelt inn i eit spesialrigga studio i kjellaren i Hallingdølens lokalar på Sundre.

– Kjekt

Camilla Louise Økland Skredderberget er både vokalist, låtskrivar og frontfigur i seksmannsorkesteret Camilla Lou. Bandet er på veg opp og fram i musikkverda, og i fjor haust gav dei ut sitt aller første album. Plata heiter «Om me reise», og har låtar om alt frå vemodig kjærleik til håp og kvardagslege tankesprang.

Artikkelen held fram under annonsen.

No opplever dei, som andre artistar, full stopp i spelejobbar. Derfor tek Skredderberget med seg pianisten i Camilla Lou, Sverre Undheim, til Ål for å dele musikk med Hallingdølen sine lesarar. Her kan dei gå rett inn i kjellaren på Sundre, spele og reise, utan å treffe folk. Godt i tråd med anbefalingane om å unngå sosial omgang.

– Det er lite speling i desse tider, så det er fint å hive seg på dei sjansane ein får. Å få spele heime i Hallingdal er ekstra kjekt, seier Skredderberget.

Camilla Louise Økland Skredderberget tok turen i studio saman med pianist i Camilla Lou, Sverre Undheim.

Camilla Lou hadde i utgangspunktet ikkje booka særleg mange spelejobbar denne våren.

– Det er me glade for no, seier Skredderberget.

Liv og håp

Hallingdølens lesarar får torsdag kveld høyre eit utval på seks låtar frå albumet som bandet slepte i fjor haust.

– Me gjer det akustisk, med nokre versjonar som er litt «nedpå». Det er sprik i tematikken, noko er om kjærleik. Noko om livet, og noko om håp. Det kan vere fint i ei slik tid som me opplever no, seier ho.

Konserten er gratis for alle, men det vil bli mogleg å vippse eit bidrag til artisten.

Konserten med Camilla Lou er den første Hallingdølen sender via våre nettsider. Forhåpentleg kan det bli fleire etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ny song på halling ute
Les også
Ei spesiell veke for Camilla Lou