29. februar kjem Riksteatret til Ål kulturhus med forestillinga Teddy og Marian, Kari Svendsen spelar Laila på tivoliet, og Tiril Heide-Steen er Marian.
29. februar kjem Riksteatret til Ål kulturhus med forestillinga Teddy og Marian, Kari Svendsen spelar Laila på tivoliet, og Tiril Heide-Steen er Marian.

Bamsefest i Ål kulturhus

Onsdag 29. februar blir det bamsefest i Ål kulturhus. Bli med på å fylle kulturhuset med bamsar og andre kosedyr denne kvelden.

Ta med favoritt-kosedyret ditt på dokkemusikal og bamsefest. Før forestillinga Teddy og Marian inviterer Riksteatret alle barn og kosedyr til eit besøk hjå bamsedoktoren i kulturhusfoajéen.

I forestillinga møter me Teddy Bamsebjørn som bur på tivoli og er hovedgevinst i Laila si Lykkehjulvogn. Saman med dei andre kosedyra drøymer han om å bli vunne av eit barn som kan ta han med ut i verda. Men mest av alt drøymer han om å få køyre karusell. Og så ein dag kjem Marian.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med utgangspunkt i Alf Prøysen si Teddybjørnens vise har Riksteatret laga ei forestilling med herlege sangar og morosame kosedyr. Her møter du Prinsessen, Pusepus, Fredrik Frosk, Tøffe Tom, Raringen, Lille Kanin og fleire til. I sentrum for det gamle tivoliet står Kari Svendsen, som spelar Laila, og Tiril Heide-Steen, som er Marian. Bamsen heter Teddy. Teddy Bamsebjørn, så klart. Den eminente dokkespelaren Bo Anders Sundstedt gjev liv til Teddy.

Forestillinga varar i ca 50 minutt, og høver for barn frå 3 år.

På scena møter me Kari Svendsen, Tiril Heide-Steen, Bo Anders Sundstedt, Ragni Halle og Jørn Morstad. Forestillinga byr også på fantastisk nyskriven musikk av Georg Wadenius.

Trubadur Kari Svendsen har rolla som Laila.
Trubadur Kari Svendsen har rolla som Laila.