To nye smittetilfelle i Hemsedal — ei avdeling ved Bygdaheimen i karantene
To nye tilfelle av koronasmitte sørga for ein stor smittesporingsjobb i Hemsedal i helga.
— I begge tilfella kan me spore smitten ut av dalen, seier kommuneoverlege Camilla Underland.
Føre var
Då dei fekk to nye positive prøvesvar i helga, vart det sett i gang eit stort apparat for å kartlegge og jobbe med smittesporing.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det har blant anna resultert i at demensavdelinga ved Bygdeheimen er sett i karantene. Det gjer me for å vere føre var. Karantene gjeld berre fram til torsdag. Dette er ein situasjon me har lagt gode planar for på førehand, som me no verkset, seier Underland.
— Eit anna resultat er at eit stort tal tilsette ved ei ganske stor bedrift i Hemsedal er sett i karantene, seier kommuneoverlegen.
Hemsedal har tatt mange nye prøver i løpet av måndagen, som blir sendt inn for analyse.
Gode tiltak
Underland fortel at dei har vore godt førebudd for denne utviklinga i kommunen.
— Men me ser at den jobben me no har gjort med smittesporing, ikkje ville vore mogleg om me ikkje hadde sett i verk dei tiltaka me gjorde for to veker sidan. Me haustar fruktene av det no.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Underland seier folk i bygda har vore flinke til å gjere som dei har fått anbefalt: Vere på heimekontor, halde avstand, unngå møteverksemd.
— Likevel har me rundt 30 personar i karantene, og 15 er blitt testa. Tala hadde vore langt meir formidable om me ikkje hadde gjort alle tiltaka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Underland oppmodar folk til å fortsetje å gå i takt, og ha tillit til at dei som jobbar med denne situasjonen gjer gode vurderingar.
— Eg må berre rose alle dei som jobbar i kommunen og innan helse, og alle som bidrar. Heile befolkninga, seier ho.