Tre nye smittetilfelle i Ål: No har over 40 personar fått påvist koronasmitte i Hallingdal
Sundag ettermiddag kom det melding om tre nye positive prøvesvar for koronasmitte i Ål.
Ål er med det oppe i totalt fire smitta.
Ifølge kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, er det ingen samanheng mellom dei tre nye tilfella.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei vart testa på fredag, og kan behandlast i heimeisolasjon. Me er i gang med smittesporing, seier Strømmen.
Laurdag vart det kjent at Hol hadde fått ni nye tilfelle av koronasmitte. Det er den kommunen i Hallingdal som no er hardast råka, med 21 smitta totalt.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Her er oversikta over smittetilfelle for heile Hallingdal:
Flå: 0
Nesbyen: 13
Gol: 2
Ål: 4
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal: 2
Hol: 21
I alt veit ein altså om 42 tilfelle av koronasmitte så langt. Tala er truleg langt høgare.
Laurdag fekk også Nore og Uvdal sitt første tilfelle av koronasmitte.