12-åring døydde etter skuterulykke
Ein 12 år gamal gut frå Vikersund døydde fredag kveld på Ullevål sjukehus av skadene han fekk i ei ulykke på snøskuter i Modum skisenter torsdag kveld.
Det var to personar involvert i ulykka, ei kvinne i 40-åra og sonen hennar på 12 år. Dei to sat på ein snøskuter som køyrde inn i ein vegg i ein bygning i skisenteret. Kvinna vart sendt til Ullevål sjukehus med alvorlege skader.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette er ei tragisk ulykke som har skjedd i eit lite nærmiljø. Politiet etterforskar hendinga og er i ein innleiande fase av dette arbeidet. Me kan derfor ikkje seie noko om årsaka til det som skjedde no, seier politiadvokat Lise Kjexrud-Egge i Sør-Øst politidistrikt i ei pressemelding.