Illustrasjonsbilete: Kommuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva, har gjennomført mange testar den siste veka.

Var samla til sosialt lag i Nesbyen: No er 19 personar koronasmitta

I Nesbyen sit no 11 personar isolert, og er definert som koronasmitta. I Gol er talet sju, i Hemsedal éin. Alle har forgreiningar til det same sosiale laget førre veke.

Hallingdølen fekk dei siste tala frå kommuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva, ved 21-tida torsdag kveld.

Då var han i ferd med å summere opp ein svært spesiell dag i Nesbyen: På morgonen hadde kommunen ingen med påvist koronasmitte, med unntak av fem hyttenesningar som sat isolert på hytter. Men ved tretida på dagen kom det melding om ein positiv koronaprøve, og dermed ein smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks timar seinare var talet oppe i 11. Det berre i Nesbyen. I tillegg sit det fleire sjuke rundt om, både i Gol og i Hemsedal.

– Årestaden for dette er eit sosialt treffpunkt i Nesbyen tysdag førre veke, seier Høva.

Slik situasjonen no har blitt, er det ikkje mange som samlast til sosialt lag. Men samlinga det her er snakk om var tysdag i førre veke, før det vart innført strenge sosiale tiltak.

Større kartlegging

Torsdag ettermiddag starta eit større apparat jobben med å kartlegge kven som hadde vore med på det sosiale laget, og nærkontaktane deira.

Det skal vere snakk om rundt 20 personar som var samla.

Ein av dei som var til stades fekk torsdag påvist koronasmitte etter å ha avlagt prøve. Mange av dei andre har vist klassiske symptom, desse blir også rekna som smitta.

Men dei har ikkje blitt testa. Årsaka er enkel:

– Me manglar testutstyr, fortel Høva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Kommuneoverlegen har fått klar beskjed frå sine ekspertar ved Ringerike sjukehus: No som dei har ein person som dei veit sikkert er smitta, skal alle som har vore saman med vedkommande og vist symptom reknast som smitta av koronaviruset.

– Om me får tilgang på meir testutstyr, vil desse også bli testa, seier Høva.

Fleire isolert

Høva har torsdag samarbeida tett med kommuneoverlegen i Gol, Jagannivasan Thurainayagam. Medan Hallingdølen prata med Høva på telefon torsdag kveld, kom beskjeden frå Gol: Sju personar der er isolert. Det same gjeld ein person i Hemsedal.

I tillegg sit det til saman 29 personar i karantene som følgje av dei nye sjukdomstilfella.

Dei som har vist symptom, er isolert. Familiane deira er sett i karantene. Dei som var til stades på det sosiale laget, men som ikkje har vist symptom, er også i karantene.

Les også
17 er så langt smitta i Hallingdal: – Me har enno ikkje sett det verste

Hald deg i ro!

Høva har ein klar beskjed til alle innbyggarar:

– Alle må følgje dei spelereglane som er sett. Unngå sosiale treffpunkt om det ikkje er strengt nødvendig. Følg vanlege hygienereglar. Hald deg i ro, saman med dine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i at Høva melder om at dei har oversikt over den nye situasjonen, summerer han slik:

– No har me fått det til bygda. I dag tidleg hadde me ingen tilfelle, no har me mange. Det viser korleis dette viruset oppfører seg, og korleis det forgreinar seg.

Les også
No innfører regjeringa forbod mot å opphalde seg på hytta
Les også
Halldis (94) innlosjert på Vestlia: - Det er så stort her at eg kan ikkje fatte det