17 er så langt smitta i Hallingdal: – Me har enno ikkje sett det verste
I løpet av det siste døgnet har det kome ytterlegare eitt smittetilfelle i Hol. No trur kommuneoverlege Geir Strømmen at den første «kaosfasen» er overstått.
– No er me over i ein «driftsfase». Sjølv om det nok vil oppstå nye kaosfasar seinare, seier han.
Håpar å stoppe klyngesmitta
Etter at koronautbrotet slo inn for alvor førre veke, er det Hol som har blitt hardast ramma i Hallingdal. Til no er ni smitta, og eit stort tal prøver er tatt. Ved Høgehaug bo- og behandlingssenter sit alle bebuarane framleis isolert, og det er innført strenge smittevernreglar i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måndag vart alle bebuarane på sjukeheimsavdelinga ved Geilotun flytta, og innlosjert på Vestlia Resort. Årsaka er at kommunen vil ha ei avdeling ståande klar for mottak av koronasjuke, utan at dei treng kome i kontakt med andre.
Utanfor legesenteret på Geilo er det sett opp smittetelt som skal fungere som beredskapstelt.
Det har spreidd seg det Strømmen kallar ei «klyngesmitte» i Hol. Han meiner derfor kommunen alt har kome over i fase to.
– Hol ligg slik sett føre resten av dalen. Me prøver å bremse utviklinga, så denne klynga ikkje spreier seg.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Strømmen kallar den første veka av koronautbrotet for ein kaosfase. No har han ei kjensle av litt meir ro. Infrastrukturen er på plass, kommunane er rigga for å tole ei utvikling av koronasituasjonen. For den kjem.
– Me er førebudd på at dette kan vare heilt til hausten. Me har enno ikkje sett det verste. På langt nær, seier han.
Test-problem
Den siste tida har mange blitt testa i Hol. Men det tek tid å få svar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me får heller ikkje testa alle me vil, og det er eit problem. Eg håpar laboratoriekapasiteten snart blir utvida, seier Strømmen.
– «Berre» eitt nytt positivt tilfelle i Hol sidan måndag. Er det eit godt teikn?
– Det er for tidleg å seie.
Slik stoda i Hallingdal er no, er det så langt fem smitta i Nesbyen, alle «hyttenesningar». I Gol er det to, det siste tilfellet kom på torsdag. I Hemsedal er det framleis berre eitt, medan det i Flå og Ål framleis ikkje er registrert nokon positive tilfelle.
Med dei ni som er registrert i Hol, er det per no 17 i Hallingdal som har fått påvist smitte.