Psykologen: – Isolasjon gjer noko med oss
— Det er normalt å kjenne på angst og indre uro akkurat no.
Det seier kommunespyskolog i Gol og Hemsedal, Christin Wangen Sjølie.
Me opplever underlege dagar. Heile samfunnet er sett på vent. Ungar og ungdom er heime frå skule og barnehage. Mange hundretals er permittert. Reiselivet stenger ned. Næringslivet skjelv. Det er unntakstilstand og ein kjensle av katastrofe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førebels har me 12 tilfelle av koronasmitte i Hallingdal, men det er venta svar på ei stort tal prøver i løpet av dei neste dagane. Til no er veldig mange sett i karantene. Berre måndag vart 77 familiar plassert i karantene i Ål, knytt opp mot eit mogleg smittetilfelle i Sundre barnehage.
Dermed sit mange heime, nærmast i isolasjon. Berre omgitt av næraste familie. Kanskje ikkje ein gong det.
— Isolasjon gjer noko med oss. Isolering over lengre tid, slik anbefalinga er no, vil påverke oss alle, seier Wangen Sjølie.
Vern deg sjølv
Wangen Sjølie er tydeleg på éin ting: Korleis me tek denne situasjonen, er høgst individuelt. Ho meiner det i første omgang er veldig viktig at kommunane er gode på å informere sine innbyggarar. Når folk blir sittande heime, i karantene og skjerma for andre, er informasjonsbehovet stort.
— Informasjon hjelper på å få føreseielegheit i ein ukontrollerbar situasjon, seier ho.
Me har lest og høyrt om folk som har kjent på vanskelege kjensler etter å ha blitt sett i karantene.
— Det er sjølvsagt normalt å kjenne på angst og indre uro no. Derfor jobbar me med å sette i verk tiltak for dei som står oppi det. Det handlar blant anna om å rettleie og støtte dei tilsette som hamnar i karantene.
Det blir jobba med å opprette eit fora for innbyggarane i Hallingdal, der ein kan få informasjon om psykisk helse. Og få ein plattform å vende seg til om ein har spørsmål.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Sjølvsagt kjenner me på frykt og bekymring, eg trur alle gjer det. Me er aktiverte no, alle saman. Men me må til ein viss grad prøve å behalde roa.
Råd for å dempe uro
1. Sett deg inn i anbefalingane frå myndigheitene.
Den beste informasjonen finst på Helsenorge sine sider. Det er ikkje lurt å søke informasjon i mindre seriøse medium.
2. Avgrens tida du følger nyheiter om pandemien.
Me treng å følge råda frå myndigheitene, men me treng ikkje oppdatere oss på nyheiter heile tida.
3. Fyll hovudet med noko anna.
Det er bra å halde seg opptatt med noko anna enn pandemien. Det kan vere underhaldning, spel, leik, lesing av romanar, fagbøker, tidsskrift, podkast, hobbyar.
4. Bruk kroppen.
Det enklaste og beste er i grunnen å vere i fysisk aktivitet. Gå ein tur. Det dempar uro, styrkar robustheita og gjer det enklare å sovne på kvelden.
5. Gjer noko for andre.
Hjelp andre med praktiske ting eller med å roe ned. Hjelp gjennom å prøve å ikkje bli sjuk og ikkje bringe smitte vidare over på andre, og gjennom å ikkje handle meir enn ein treng.
Eit klart råd til dei som sit heime med mange tankar og kjensler, er å verne seg sjølv mot noko av den enorme straumen av informasjon i alle kanalar.
— Det er viktig at ein vel rett kjelde for informasjon, som Folkehelseinstituttet. Me blir jo bombardert med stoff om korona. Skru av radio og tv. Ein må verne seg sjølv. Me kan ikkje sluke alt, seier ho.
Tenke annleis
— Kva med dei som kjenner på einsemd?
— Det trur eg me alle gjer, me opplever ei fridomsrøving. Dei tiltaka som er verkssett er viktige og nødvendige, men isolasjon gjer noko med oss. Me må prøve å tenke annleis når det gjeld sosialt samvær. Tenke utanfor boksen. Sjå på moglegheitene for å til dømes bruke facetime. No er mange elevar heime frå skulen, kanskje kan dei etter skulearbeidet ha ein halvtime med facetime med andre elevar, seier ho.
Ifølge Helsenorge er det sagt at for å vareta barn sine behov for leik og sosial omgang, kan ein ha ein til to faste vener å leike med. Det gjeld og for ungdom. Men dei bør møtast utandørs, halde god avstand, ikkje overnatte hjå kvarandre og vere nøye med handhygiene.
Ha rutinar
Når familiar hamnar i karantene i 14 dagar, kan det bli ei utfordring å bevare husfreden. Psykolog Wangen Sjølie meiner ein først og fremst bør prøve å skape ein så normal kvardag som mogleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ha rutinar. Stå opp tidleg. Et frukost. Ha skule, ha friminutt. Sett deg og jobb. Ut og gå ein tur.
Det handlar om å vere kreativ.
— Ein må prøve å aktivere seg. Vere ute. Lese bøker, spele spel. Det handlar om å bruke situasjonen til noko positivt også; no får ein vere saman med familien sin over lengre tid, seier ho.
Og husk: Prat med ungane.
— Dei får jo med seg brotstykke av det som skjer. Men gleppene i informasjonen fyller dei gjerne med sin eigen fantasi. Derfor er det viktig å gi dei informasjon, og snakke saman.
Råd til korleis du kan snakke med barn og unge
1. Anerkjenn barnet si oppleving, og lytt til barnet.
Sei at det er lov å vere redd, sint og lei seg. Kva er det som gjer at barnet er uroleg? Kva er barnet redd for skal skje? Ver nysgjerrig. Spør!
2. Trygg barnet med faktabasert informasjon.
Ver ærleg. Me vakse vil gjerne skåna barna for det skremmande som skjer i verda, men dei får med seg meir enn me trur. Tilpass informasjonen til alderen, slik at barnet forstår. Ver konkret, klar og tydeleg. Om barnet spør om noko du ikkje kan svare på, sei at du ikkje veit og at du skal sjekke det opp. Svar så snart du kan.
3. Ver ærleg rundt dei vaksne sitt fokus på eller redsel for viruset.
Det kan vere greitt å understreke at dei vaksne fokuserer mykje på viruset fordi dei må halde seg oppdatert på «reglane» i samfunnet. Vidare kan ein seie at dei vaksne blir uroa fordi ein veit så lite om viruset.
4. Vis at det er lov å spørje.
Ver tydeleg på at barn og unge kan stille spørsmål når som helst.
5. Ikkje gløym ungdommen!
Råda over er mest retta mot barnegruppa. Husk at også ungdom kan ha spørsmål og behov for informasjon.
Sjølie trur den situasjonen me no står i vil få konsekvensar for befolkninga, både fysisk og psykisk.
— Derfor er det viktig å vere føre var, og sette inn tiltak. Hjelpe befolkninga med å handtere dette på best mogleg vis.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Korleis tek me best mogleg vare på kvarandre?
— Snakk saman. Ta opp telefonen om du har nokon i tankane, eller nokon du er bekymra for. Ver medmenneske. Ring heller ein gong for mykje, enn ein for lite. Vis støtte.