Her er krisetiltaka i Nore og Uvdal

Nore og Uvdal har sett krisestab, og har ei rekke krisetiltak på gang.

* Skuler og barnehagar blir stengt frå måndag. Dei som har moglegheit blir oppmoda til å ta barn ut allereie frå fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det blir innført besøksforbod ved Bergtun omsorgssenter.

* Alle politiske møte blir avlyst.

* Andre kommunale møte blir redusert til eit minimum, og skal maks ha fem deltakarar.

* Tilsette i Nore og Uvdal deltek ikkje på eksterne møte.

* Tilsette i kommunen som har moglegheit, skal bruke heimekontor.

* Reiseaktivitet for kommunen sine tilsette blir redusert til eit minimum.

* Samfunnshus/hallar, ungdomsklubb og bibliotek blir stengt.

* Kommunale arrangement blir avlyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ein tilrår å avlyse øvrige arrangement som samlar folk.