Opprettar eigen korona-telefon

Frå og med måndag skal alle som ringer med spørsmål om korona bruke eit eiget telefonnummer.

Det opplyser ordførar i Ål, Solveig Vestenfor.

Det blir organisert gjennom ei interkommunal legevakt. Nummeret er enno ikkje kjent, men skal bli tatt i bruk frå måndag morgon klokka 09.00. Det er stor pågang hjå alle legevakter i området, og nummeret er viktig for å avgrense pågangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Koronatelefonen skal vere operativ mellom klokka 09.00 og 15.00 kvar dag frå og med måndag.