Elevar ved Gol og Ål vidaregåande må halde seg heime fram til påske
Viken stenger alle vidaregåande skuler. Elevane skal over på digital læring.
Frå og med i morgon skal ikkje elevar ved Gol og Ål vgs møte på skulen. Viken fylkeskommune har bestemt at alle vidaregåande skuler i fylket blir stengt fram til påske.
Lærarane blir ikkje permittert, men skal jobbe med å gi alternativ, digital opplæring til elevane. Lærarane kan jobbe enten frå skulen, eller frå heimekontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er i ein situasjon der elevar, tilsette og foreldre er bekymra for utviklinga av koronasituasjonen. Vårt mål er å avgrense og bremse spreiinga av smitte. Dette er no jobb nummer ein for oss alle, seier fungerande fylkesrådsleiar Halvard Ingebrigtsen.
Arrangement på skulane etter arbeidstid er også avlyst.
– Me jobbar no intens med å hjelpe skulane i å legge til rette for digital opplæring, slik at me skal kunne gi ei forsvarleg opplæring over ein lengre periode, seier Ingebrigtsen.