Ein person har testa positivt for korona i Nesbyen
Seint onsdag kveld fekk kommuneoverlege Nils Høva den første positive testen for koronasmitte.
– Smittekjelda er kjent. Me har kartlagt det aller meste rundt vedkommande, seier Høva til Hallingdølen.
Seks prøver i går
Den positive prøva er den tredje som er kjent så langt i Hallingdal. Tysdag kveld kom det beskjed om to smittetilfelle, i Gol og Hemsedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Personen som no har testa positivt i Nesbyen avla prøve måndag.
– Smittekjelda er reiserelatert, opplyser Høva.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Den smitta sit no i heimekarantene, og det blir gjort ei grundig kartlegging av sjukdomshistorikken.
Det har vore hektisk på legekontoret i Nesbyen dei siste dagane. Berre i går vart det tatt seks koronaprøver.
– Folk har stort behov for informasjon. Ein del kjem innom, men me gjer prøvetakinga på korrekt vis, utandørs, frå bilen, seier Høva.
Hald dykk heime
Onsdag gjekk kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland, ut med beskjed til hyttefolk som må i karantene. Ho bad dei halde seg på heimplassen sin, og ikkje kome på hytta for å sitte i karantene.
Det støttar kommuneoverlege Høva, som seier det er eit problem også i Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me anbefaler folk om å halde seg heime. Det er ein god tanke å reise på hytta, bort frå familie og arbeidsmiljø, men det er eit problem om dei blir alvorleg sjuke på hytta. Det er også ei utfordring om dei ikkje oppfører seg rett i bygda, om dei går i butikken, bruker alpinanlegget eller får andre familiemedlemmer på besøk, seier Høva.