Svarteper har eit nytt album i magen
Fredag 13. mars er bandet Svarteper ute med singelen «Vere éin når ein er to».
Bandet seier det er ein gladlåt som lokkar på sommaren. Teksten handlar om kjærleik mellom to menneske. Det er enkel matematikk, men også kompleks kvantefysikk når to skal finne saman i eit forhold og hjelpe kvarandre til å vere sterke.
Det er vokalist, gitarist og låtskrivar Herman Kvelprud som er mannen bak dei kvardagsfilosofiske tekstane. Han skildrar Svarteper som lyden av det grøne skiftet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er økorock som får deg til å drøyme om ei betre verd, seier han.
I haust sleppte Svarteper låtane «Yutta-hey» og «Modige ord». «Vere éin når ein er to» er tredje singelslepp på det som skal bli bandets neste album. I 2016 gav Svarteper ut debutalbumet «Svevestøv», og i 2018 kom oppfølgjaren «Antiapatisk lommeparlør».
Bandet har ei grunnstamme frå Ål: Herman Kvelprud, pianist Lars Jonas Bergo og gitarist Terje Vesterøy. I tillegg består besetninga av Tobias Flottorp Heltzer på bass og Arne Steinar Myrvang på trommer.