Koronaviruset: Kan bli restriksjonar for gravferder
Også i Nesbyen er det sett i verk ei rekke tiltak for å redusere koronasmitta. Og fleire står for tur. Mellom anna kan det bli restriksjonar for gravferder.
Det opplyser kommuneoverlege Nils Høva. Torsdag skal det vera eit møte i beredskapsgruppa i kommunen. Her sit forutan kommuneoverlegen, rådmannen, alle kommunalsjefane, beredskapssjefen, ordførar og representantar frå politiet. Etter møtet vil ein legge fram konkrete tiltak som skal redusere smitteomfanget og elles kome med tilrådingar. Truleg vil det bli innført ei maksgrense på 50 personar for innandørs arrangement.
Stengt for besøkande
Men ifylgje Høva er det alt sett i verk fleire tiltak. Mellom anna vart eit større møte om psykisk helse i Kulturhuset Banken onsdag avlyst. Behandlingsbassenget ved Elverhøy helsetun er stengt. Heile Elverhøy er stengt for besøkande. Familie og pårørande slepp berre inn etter avtale med personalet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja til langrenn
Derimot har Høva sagt ja til å avvikle klubbmeisterskap i langrenn. Men det blir inga kaffeservering, eller premieutdeling innandørs.
Gravferder
Høva har også vore i kontakt med soknepresten i Nesbyen. Det er førebels ikkje aktuelt å avlyse gudstenester, men Høva ser helst at gravferder blir avgrensa til næraste familie.
15 smitteprøver
Godt 20 personar i Nesbyen er sett i karantene. Det er tatt 15 smitteprøver. Så langt har ein fått svar på 11 av prøvene. Dei siste fire håpar ein å få svar på innan morgondagen. Men så langt er ingen smitta av koronaviruset i Nesbyen, opplyser Høva.