Strenge reglar innført i Hemsedal
Hemsedal kommune gir sine tilsette, innbyggarar og næringsdrivande klare råd.
Tilrådingane vart klare tysdag, og er basert på Helsedirektoratet og lokale vurderingar i smitteverngruppa.
— Me trur me har kontroll lokalt. Men situasjonen er uoversiktleg, og me er inne i ein ny fase nasjonalt, seier kommuneoverlege Camilla Underland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er nye rutinar Hemsedal kommune har innført:
*Kommunale arrangement ikkje skal samle fleire enn 50 personar.
*Kommunen tilrår også at dette gjeld arrangement innan kultur, idrett, kyrkja eller andre frivillige lag.
* Tilrår ingen arrangement der det er alkoholservering og dans, uavhengig av talet på personar. Ved arrangement med over 100 personar, skal det ligge ei risikovurdering til grunn.
* Arrangement med over 500 deltakarar blir avlyst.
* Alle som arbeider innan helse og omsorg skal ikkje reise på kurs og konferansar.
* Skuleelevar skal ikkje klemme kvarandre og skal halde minst éin meters avstand. Det er innført utegym. Danseundervisning og felles symjetimar blir stoppa.
* Besøksforbod på sjukeheimen.