Koronaviruset skaper uvisse
Ei dryg veke før Hallingdal fotballklubb skal på treningsleir har koronautbrotet skapt mykje uvisse rundt tyrkiareisa.
Fotball: Årleg reiser Hallingdal FK med spelarar og støtteapparat på ei vekes treningsleir i utlandet. Dei har vore i Spania fleire gonger, og dei siste åra i Tyrkia. Dit går også turen i år. Om ei dryg veke skal etter planen 75 spelarar og trenarar setje seg på flyet, men koronautbrotet har skapt mykje uvisse.
– Førebels heldt me oss til råda frå Utanriksdepartementet og Folkehelseinstituttet. Men me tek situasjonen på alvor, og følger han tett, seier sportsleg leiar i HFK, Jan-Eirik «Jansen» Thorberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at styret hadde ekstraordinært møte sundag kveld.
– Me vart samde om å reise som planlagt, men følger med på utviklinga. Førebels er det ingen som rår frå å reise til Tyrkia. Me forstår at det er mykje uvisse og uro. Sjølv om me ikkje er i risikogruppa, har dei fleste familie som er det, og er uroa for å smitte nokon av dei.
Lagar ein plan
No jobbar HFK med å lage ein beredskapsplan før samlinga.
– Me har hatt kontakt med lege som vil assistere med råd, ei som er helsesyster er i HFK-systemet og blir med på samlinga. Og me har hatt kontakt med sjømannskyrkja der nede, som har lova å assistere oss, seier Thorberg.
Dei har òg vore i kontakt med andre klubbar, som har vore og som skal på treningssamling i same område.
– Me har hatt dialog med Notodden som har vore der no, og med Mjøndalen og Mjølner som skal nedover. Me prøver å ha mest mogleg informasjon, seier Thorberg.
Han forstår at både spelarar og foreldre blir uroa.
– Det er så mykje uvisse rundt dette at det er ikkje rart. Førebels har me ikkje fått nokre avmeldingar, men me har vorte kontakta av nokon som er usikre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Økonomisk smell
Måndag ettermiddag var det framleis ikkje frårådde reiser til Tyrkia.
– Ut frå oversikta er det ikkje meldt om mange tilfelle i Tyrkia, det er fleire i Norge. Men så er det jo eit spørsmål om ein kan stole på at dei tala stemmer.
Koronafrykt i seg sjølv gir nemleg ikkje refusjon frå forsikringsselskap. Og konsekvensane av ei avlyst samling kan vere store for ein liten klubb.
– Om me avlyser no, vil me ikkje få att noko på reiseforsikringa. Då har me tapt 600.000 kroner. Ein stor sum for oss. Eit slikt tap kan velte heile økonomien for småklubbar, seier Thorberg.
Difor held dei seg førebels rolege, men er budd på at ting skjer fort.
– Me følgjer situasjonen tett, og gjer dei grepa me kan, seier Thorberg.