Knoll og Tott på Trolløya
Dei har jobba saman i 33 år. Egil Bråten og Vidar Øvstrud vart med på flyttelasset over elva og styrer skuta hjå Ål Auto på Trolløya i Ål.
Bråten kom til Ål Bilverksted i 1980. Han er opphavleg frå Geilo og bur på Gol.
Tre år seinare fekk han selskap av numedølen Vidar Øvstrud. Han er frå Veggli og bur på Torpo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei har følgt kvarandre gjennom heile yrkeslivet.
Styrmenn og veteranar
– Me trivst godt og ser ingen grunn til å bytte arbeidsplass og gjera det same ein annan stad. Her har me ein stor kundekrets som me er godt kjent med, seier dei.
Hallingdølen fekk ein prat veteranane i verkstaden på Trolløya i ei matpause. Det er dei som styrer skuta og er «hjørnesteinane» i bedrifta med seks tilsette.
Egil Bråten er verksmeister. Den jobben har han hatt sidan han overtok sjefsjobben på Ål Bilverkstad for 13 år sidan.
Vidar Øvstrud er nestkommanderande, avløysar for Bråten og veteran blant mekanikarane.
– Let han vera sjef
– Me har forskjellige arbeidsoppgåver. Eg trivst best inne i verkstaden, men papirarbeidet må også gjerast, seier Bråten.
– Eg let han vera sjefen, kjem det tørt frå andre sida av bordet.
Etter ein mannsalder som arbeidskollegaer kjenner dei kvarandre svært godt. Dei er Knoll og Tott på Trolløya og utfyller kvarandre.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Egil er kunnskapsrik, flink med kundane og ein dyktig mekanikar. Han må ta seg av papirarbeidet og er han ikkje så mykje i verkstaden. Men han skrur på veteranbilar i fritida, seier Vidar.
– Vidar er lojal, omgjengeleg og flink til å kommunisere med kundane. Det er han som styrer inne i verkstaden. Han taklar alt og er mest presis om morgonen, seier Egil.
Gravarbeid til datastyring
Alle yrke og arbeidsplassar har vore gjennom store endringar og omstillingar siste mannsalderen. Bilmekanikaryrket er ikkje noko unntak.
Då Bråten og Øvstrud starta yrkeskarrieren, var skiftenøkkel og skrutrekkjar viktigaste arbeidsreiskapen. Dei er framleis i bruk, men ikkje like uunnverlege som før. Mykje av arbeidet skjedde i graver i verkstadgolvet. No er det slutt med gravarbeidet. Gravene er erstatta med lyfteheisar.
Bilmekanikaren er for lengst innhenta av dataalderen.
– Det har vore ei utfordring å følgje med i den teknologiske utviklinga, seier Bråten.
– Eg går rundt med datacomputeren heile tida og er heilt avhengig av den, seier Øvstrud.
Sundre til Trolløya
Ål Bilverkstad var arbeidsplassen til Egil Bråten og Vidar Øvstrud fram til eigarskiftet i 2005. Ål Bilverkstad vart avvikla og skifta namn til Ål Auto AS. Merkeverkstaden for Opel vart frittståande og utfører service på alle bilar inntil 7,5 tonn.
Artikkelen held fram under annonsen.
For fem år sidan flytta Ål Auto inn i nytt verkstadbygg på Trolløya på andre sida av elva. Bråten og Øvstrud vart med på flyttelasset.
– Her har me god plass i romslege og moderne lokale og trivst godt. Me ligg sentrumsnært sjølv om me ikkje er midt i smørauga lenger. Det er ingen ulempe, kundane har følgt etter og finn oss likevel, seier dei.