Gunlaug Lien Myhr (f.v.), Helga Springgard, Margit Myhr, Helga Myhr og Eilif Gundersen delte songskattar frå Lindeman sine samlingsferder i Hallingdal på 1850- og -60-talet.
Gunlaug Lien Myhr (f.v.), Helga Springgard, Margit Myhr, Helga Myhr og Eilif Gundersen delte songskattar frå Lindeman sine samlingsferder i Hallingdal på 1850- og -60-talet.

Lågmælt songskatt

Til skinet av stearinlys i ei råkald gamal kyrkje, vart folk invitert inn i ein hundreårig songtradisjon.

I år er det 200 år sidan Ludvig Lindeman vart fødd. Lindeman reiste land og strand rundt for å samle inn og systematiserte folkemusikk.

– Lindeman forstod verdien av den folkelege songskatten. Han samla på smått og stort, seier musikar Eilif Gundersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sikra for ettertida

Laurdag vart folkemusikksamlaren heidra med ein konsert i Hol gamle kyrkje. Saman med Margit og Helga Myhr, Helga Springgard og Eilif Gundersen, hadde Gunnlaug Lien Myhr sett saman eit lågmælt program med songar frå Lindeman sine samlingar.

Reisene til Lindeman resulterte i at kring 2000 norske folkemelodiar vart festa til notepapiret og sikra for ettertida. Fleire av dei mest kjende salmane i Norsk Salmebok, er melodiar Lindeman noterte ned etter å ha lytta til tradisjonsberarar i norske bygder.

((videoid=1794))

Rik skatt

Lindeman besøkte Hallingdal på to av reisene sine. På den første reisa gjennom Hallingdal i 1851, kom han over fjellet frå Lærdal. I Gol møtte han ei fattig og barnerik enke, Anne Endresdatter Sørli.

Sjølv om ho var fattig, bar Anne Endresdatter Sørli på ein rik skatt. Éin av melodiane Lindeman noterte ned etter ho, var «Nattergalvisen».

Under jubileumskonserten fekk publikum høyre Gunnlaug Lien Myhr syngje denne songen, etter Lindeman si nedteikning frå 1851.

Sjølv om teksten var uvand for folk i dag, drog dei fleste kjensel på tonen. Nokre tiår etter at Lindeman skreiv ned denne songen, vart melodien kjent med ein annan tekst – «Eg veit i Himmelrik ei borg».

På ein snurr

På den siste reisa i Hallingdal i 1862, var han til stades under vigslinga av den nye kyrkja i Nes. I Nes trefte han også Ellen Eriksen Isakbråten som var fødd 1778. Ho var den eldste kjelda i materialet til Lindeman.

Artikkelen held fram under annonsen.

På denne samlingsferda var han også innom hjå Tor Villand (1806-1897) i Hol. I alt er det over 30 salmetonar i samlingane som Villand var kjelde til. Under konserten fekk publikum høyre fire av desse.

Publikum fekk også høyre Knut Medhus fortelje om den originale kyrkjesongaren, læraren og tradisjonsberaren i Hol.

– Villand var kjent for å vere glad i det sterke. Truleg var han nokså på ein snurr og sikkert ganske uhøvla då Lindeman var innom. I dag ville me nok sagt at kjemien ikkje stemte. Melodiane vart likevel berga, fortalde Knut Medhus.

Stilkjensle

For å gjere det folkemusikalske materialet tilgjengeleg i si samtid, og for å bringe det inn i ein kunstmusikalsk samanheng, laga Lindeman arrangement både for instrument og for kor. For dagens utøvarar av tradisjonsmusikk er det likevel sjølve råstoffet som er det interessante.

– Korleis går du fram når du skal avkode notane til Lindeman og få det til å låte som tradisjonsmusikk?

– Me må etter beste evne tolke notebiletet og bruke det som har overlevd gjennom hardingfelespelet som referanse for tolkinga. For å attskape det folkemusikalske må du ha ei stilkjensle. I tillegg må du kjenne på kvar enkelt melodi kva som ligg der, seier Gunnlaug Lien Myhr.

– I tillegg er Gunnlaug ein god representant for rammeskeiv tonalitet. Det passar godt i eit så skakt hus som Hol gamle kyrkje, smiler Eilif Gundersen.