Oppryddingsarbeidet ferdig - Bergensbanen open att
Mannskap jobba på spreng med å rydde snø og få vekk vrakrestane etter eit snøoverbygg. Rundt klokka 02.00 natt til torsdag opna Bergensbanen att.
Det opplyser Bane Nor torsdag morgon.
– Rasstaden er rydda for snø og vrakrestar etter det øydelagde snøoverbygget. Onsdag jobba me med å rydde vekk den skadde kontaktleidningen, slik at snøfresaren kunne passere og rydde banen for snø, skriv Bane Nor i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tok med snøoverbygg
Det var måndag 17. februar eit stort snøskred losna mellom Myrdal og Hallingskeid. Raset vart meldt litt før kl. 13.30. Skredet trefte eit eldre snøoverbygg like aust for Kleven bru, og rundt 25 meter av bygget vart skadd. Kontaktledningen vart riven ned på strekninga.
Etter den tid har Bergensbanen vore stengt over fjellet. Bane NOR anbefalte reisande å følgje med på nettsida til Vy for informasjon om alternative måtar å reise på.
Vanskeleg ryddearbeid
Snømengdene i fjellet gjorde ryddearbeidet vanskeleg. Som om ikkje snøskredet var nok, køyrde eit arbeidstog som skulle rydde skinnegangen seg fast i ei snøfonn ein kilometer aust for Finse onsdag.
Straumen vart kopla ut aust for Finse for å unngå farlege situasjonar då snøskavlane reduserte avstanden til kontaktledningen.
Omfattande skader
Onsdag morgon gav geolog og skredekspert klarsignal til å begynne å arbeide i rasområdet.
– Banen var stengt mellom Ustaoset og Myrdal, og skadene som følge av snøraset var omfattande. På rasstaden ved Kleven pågjekk eit tidkrevjande arbeid med å fjerne det øydelagde bygget og snømassane, opplyser Bane Nor.
Torsdag rundt klokka 02.00 var oppryddingsarbeidet ferdig og Bergensbanen open for trafikk att.