Sigvart Dagsland var årets hovudnamn under Stølsrock på Jonsstølane i Hemsedal.
Sigvart Dagsland var årets hovudnamn under Stølsrock på Jonsstølane i Hemsedal.

Stemningsfull folkefest på stølen

– Dette har me med handa på hjartet gledd oss til. Berre sjå kor fint fjellheimen ligg som bakteppe, seier Sigvart Dagsland i det han kjem opp på scenekanten.

Dagsland forsikra om at han ikkje kom til å sende bilete av utsikta av Jonsstølane til sine amerikanske vener. Dei vil berre tru det er fotoshoppa.

Nok å ta av

Den folkekjære artisten frå Stavanger hadde med seg eit band på fem, og framførte alt frå songar frå 80-talet til den nye plata «Røst» som kjem i haust. Den er spelt inn i eit bedehus, som er bygd om til studio.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagsland har over 20 soloplater bak seg, og vandra frå det stemningsfulle og melodiøse til pop. Det heile krydra han med historier frå korleis songane har vorte til. Det inkluderte den første forelskinga, og at han har vore med i kor der han mima i halvanna år, då han tykte han song så surt.

Publikumsrekord

I ettermiddagssola laurdag hadde ung som gamal funne vegen til Jonsstølane i Hemsedal. Blide ansikt naut den stemningsfulle musikkopplevinga i frisk fjelluft blant fluktstolar, barnevogner og sitteunderlag.

Det er no sjuande året initiativtakar og altmoglegmann bak Stølsrock, Ole Embrikgård, har fått folk til fjells.

Tonje Halbjørhus med band spelte for sambygdingane på Jonsstølane.
Tonje Halbjørhus med band spelte for sambygdingane på Jonsstølane.
Ragnhild Kvernberg og Arild Grøndalen frå Hemsedal under Stølsrock 2016.
Ragnhild Kvernberg og Arild Grøndalen frå Hemsedal under Stølsrock 2016.
Det er no sjuande året Ole Embrikgård arrangerer Stølsrock på Jonsstølane i Hemsedal.
Det er no sjuande året Ole Embrikgård arrangerer Stølsrock på Jonsstølane i Hemsedal.
Arif Ahmadi (16) frå Langset mottak i Hemsedal og Einar Ellseth, miljøarbeidar ved mottaket, var å finne heil øvst i folkemengda under konserten.
Arif Ahmadi (16) frå Langset mottak i Hemsedal og Einar Ellseth, miljøarbeidar ved mottaket, var å finne heil øvst i folkemengda under konserten.
Jette Ellseth, dagleg leiar ved Langset mottak i Hemsedal.
Jette Ellseth, dagleg leiar ved Langset mottak i Hemsedal.
Folk i alle aldrar fann vegen til årets musikkoppleving på Jonsstølane i Hemsedal.
Folk i alle aldrar fann vegen til årets musikkoppleving på Jonsstølane i Hemsedal.
Folk Stølsrock 2016 Hemsedal
Folk Stølsrock 2016 Hemsedal

– Nei, dette var moro. Det er om lag 500 personar her. Me har aldri vore så mange. Dagsland er nok eit stort trekkplaster, men det handlar nok også om at Stølsrock har fått eit namn og blir meir og meir kjent. Me har jo satsa litt, men kunne aldri gjort dette utan sponsorar, seier Embrikgård, som tykkjer det er stort at Dagsland er på plass for å spela.

Embrikgård hausta lovord frå dei frammøtte og fekk også spørsmål om kva dei kan vente seg til neste år.

Bygdas store stoltheit

Ho vart presentert som bygdas store stoltheit og har støl like i nærleiken. Tonje Halbjørhus med band, song tekstar på halling krydra med både mandolin, munnspel og hardingfele. Gjennomgangstema var draumar, og det å reise seg att når livet buttar imot. Publikum fekk også smakebitar frå den nye plata «Ny vår».

– Eg har alltid drøymt om å drive med musikk. Heilt sidan eg starta i Hemsedal Barnegospel, seier Halbjørhus.

– Må støtte opp lokalt

Ragnhild Kvernberg og Arild Grøndalen frå Hemsedal nyt sola og utsikta på graset framfor scena, før Dagsland kjem på scena.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er noko med å bli med på det som skjer lokalt. Eg tykkjer det er spennande med Halbjørhus, og ein blir jo nysgjerrig på å høyre ho særleg når eg har lese dei gode kritikkane. Det er rett og slett imponerande kor allsidig ho er, står for komposisjon, song og spelar fleire instrument. I tillegg likar eg Dagsland sine tekstar. Dette er jo ein flott plass, det er moro det er så mange her. Det fortener verkeleg Stølsrock, seier Kvernberg.

Tok i eit tak

20 gutar frå Langset mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar var i år med for å hjelpe til med mellom anna å bera utstyr. Dei utgjorde berre nokre av dei frivillige som var med for å ta i eit tak for Stølsrock.

– Det er moro å ha dei med. Eg trur dei er nøgd sjølve og, seier Embrikgård.

Det var Jette Ellseth, dagleg leiar ved Langeset mottak i Hemsedal, som tok kontakt med Embrikgård. Ho lurte på om det var noko gutane på mottaket kunne bidra med for å få rabatt slik at dei fekk vera med på Stølsrock.

– Det er viktig for oss å kunne bidra og få lov å vera med, både med tanke på integrering og for å lære norsk kultur og etikette. Å betale full pris hadde ikkje vore mogleg for gutane, difor foreslo me å hjelpe til for å gi noko attende. Me prøver å finne fleire arrangement i Hallingdal som me kan gjera noko liknande på, forklarar Ellseth.

Ein av dei er Arif Ahmadi (16). Han har ikkje vore med på ein liknande konsert før. Sist konsert han var på var Ungdommens kulturmønstring i Trøimshallen. Sjølv om kanskje ikkje Halbjørhus og Dagsland er heilt hans musikk, tykkjer han det er fint å hjelpe til.