Arild Fröhlich kan vinne Amanda-pris med både «Doktor Proktors tidsbadekar» og «Grand Hotel» under Den Norske Filmfestivalen 26. august. (Arkivfoto)
Arild Fröhlich kan vinne Amanda-pris med både «Doktor Proktors tidsbadekar» og «Grand Hotel» under Den Norske Filmfestivalen 26. august. (Arkivfoto)

Sankar nominasjonar

To Arild Fröhlich-filmar er i vinden når filmprisen Amanda skal delast ut 26. august. «Doktor Proktors tidsbadekar» kan bli årets beste barnefilm.

– Det er veldig stas å bli nominert til Amanda. Det var masse bra barnefilmar i fjor, så det er godt selskap å vere i, seier Arild Fröhlich.

Kan vinne trippel

Filmregissøren, som voks opp på Gol, likar at «Doktor Proktors tidsbadekar» sparkar frå seg. Når Den Norske Filmfestivalen i Haugesund går av stabelen frå 20. til 26. august, er barnefilmen basert på Jo Nesbøs bok nominert i tre kategoriar. «Doktor Proktors tidsbadekar» kjempar med «Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin» og «Solan og Ludvig – Herifrå til Flåklypa» om å bli årets barnefilm. I kategorien beste produksjonsdesign/scenografi kan Karl Júlíusson sikre Doktor Proktor-laget pris, medan Thilo Ewers kan gjere det same i klassen for beste visuelle effektar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er bra at filmen blir vurdert i vaksne kategoriar og at han har kvalitetar på eit teknisk og filmfagleg nivå. Dei to avdelingane har gjort eit godt arbeid. Eg trur me ligg tynt an på visuelle effektar mot «Bølgen», men det er uansett gøy å bli nominert, seier Fröhlich.

Modig rolle

I 2006 fekk filmregissøren sin første Amanda då komedien «Pitbullterje» vart kåra til beste barne- og ungdomsfilm. I 2009 vann Fröhlich beste regi for «Fatso».

– Beste regi er kategorien som er kulast for meg personleg å vinne, men i år syns eg det er veldig stas at «Grand Hotel» er nominert for både beste mannlege og kvinnelege skodespelar og manus, seier han.

«Doktor Proktors tidsbadekar».
«Doktor Proktors tidsbadekar».
«Grand Hotel».
«Grand Hotel».

I dramakomedien som hadde kinopremiere 8. april i fjor, bevegar særleg skodespelar Atle Antonsen seg utanfor eigen komfortsone.

– Eg er spesielt glad for at Atle er nominert. Han gjorde noko han ikkje har gjort før og som han ikkje er så kjent for, satsa på ei meir dramatisk rolle. Det er òg kult med Megan Gallagher, som er debutant og blir Amanda-nominert for sitt første filmmanus, seier Fröhlich.

Atle Antonsen er nominert saman med Anders Baasmo Christiansen («Welcome to Norway») og Devin Druid («Louder Than Bombs»). Vera Vitali har selskap av Bente Børsum («Sensommer») og Liv Bernhoft Osa («Pyromanen»), medan Megan Gallaghers manus blir målt opp mot Rune Denstad Langlos («Welcome to Norway») og Eskil Vogt og Joachim Triers («Louder Than Bombs»).