Rygga full ut frå lensmannskontoret
Ein åling rygga med promille utanfor lensmannskontoret.
Han hadde vore på lensmannskontoret i Ål saman med ein kamerat for å melde tjuveri av ein bil.
Ålingen, som er i 20-åra, gjekk dei få metrane frå lensmannskontoret og til bilen som stod parkert utanfor, sette seg bak rattet og rygga nokre meter. Då vart han innhenta av lovens lange arm. Han vart umiddelbart teken med til legekontoret der det vart teke blodprøve, den viste 0,91 i promille.
Artikkelen held fram under annonsen.
No har Hallingdal tingrett dømt ålingen til fengsel i 18 dagar på vilkår og 30.000 kroner i bot. I tillegg mistar han førarretten i 20 månader.
Tingretten uttaler at han ikkje skapte nokon farleg situasjon, og han køyrde heller ikkje langt før han vart stoppa.